Bournonitt
Utsjånad
| Bournonitt | |||
| Bournonitt og barytt | |||
| Generelt | |||
|---|---|---|---|
| Kategori | Svovelsaltmineral | ||
| Kjemisk formel | PbCuSbS3 | ||
| Strunz-klassifisering | 02.GA.50 | ||
| Dana-klassifisering | 3.4.3.2 | ||
| Identifikasjon | |||
| Farge | Stålgrå til jern-svart | ||
| Krystallform | Krystall er korte prismatiske til tavleforma, ofte stripete; vanlegvis som delvis parallelle samlingar. Òg massive, korna til kompakt | ||
| Krystallsystem | Ortorombisk | ||
| Tvilling | på {110}, vanlegvis som kross eller tannhjul samlingar | ||
| Kløyv | [010] uperfekt | ||
| Brot | Undermuslig til Ujamn | ||
| Mohs hardleiksskala | 2.5 - 3.0 | ||
| Glans | Briljant til matt | ||
| Strekfarge | Stålgrå til jern-svart | ||
| Transparens | Ugjennomsiktig | ||
| Spesifikk vekt | 5.7 - 5.9 | ||
| Optiske eigenskapar | |||
| Pleokroisme | Særs svak | ||
| Kjelder | [1][2] | ||
Bournonitt er eit stålgrått mineral med metallglans, eit svovelsalt av bly og kopar, PbCuSbS3, som krystalliserer rombisk. Det finst til dømes i Cornwall i Storbritannia, Böhmen i Tsjekkia, Mexico og i Sør-Amerika. I Noreg er det påvist frå Sulitjelma i Nordland.
Det vart først nemnt av Philip Rashleigh i 1797 som eit malm av antimon og vart fullstendig skildra i 1804 av den franske krystallografen og mineralogen Jacques Louis, Comte de Bournon (1751–1825), som det har fått namn etter. Namnet Bournon gav sjølv var endellione, sidan brukt i forma endellionitt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Bournonitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/bournonitt.
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/bournonite.pdf Handbook of Mineralogy
- ↑ http://webmineral.com/data/Bournonite.shtml Webmineral data