Bowness-on-Solway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bowness-on-Solway
busetnad
Land  Storbritannia
Fylke Cumbria
Kart
Bowness-on-Solway
54°57′00″N 3°13′00″W / 54.95°N 3.2166666666667°W / 54.95; -3.2166666666667
Wikimedia Commons: Bowness-on-Solway

Bowness-on-Solway er ein landsby med færre enn 100 hus i Nordvest-Cumbria. Han ligg vest for Carlisle på den sørlege (engelske) sida av Solway Firth, estuaret som skil England og Skottland i vest. Folketalet i Bowness civil parish (kommune) var 1 126 ved folketeljinga i 2011.[1] Vestenden av Hadrianmuren er eit kjent turistmål her, sjølv om sjølve muren ikkje lenger er synleg over bakken her. Vestenden av turruta Hadrian's Wall Path er markert av ein paviljong på den vesle kystklippa ved Bowness. Andre attraksjonar her er strendene og vadefuglar.

Landsbyen er ein del av Solway Coast Area of Outstanding Natural Beauty.[2]

Namn[endre | endre wikiteksten]

«Bowness» tyder 'runda' eller 'bogeforma nes', anten frå gammalengelsk boga, 'boge' og næss eller meir truleg frå norrønt 'bogi' og 'nes'.[3]

Romartid[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen ligg på staden ei romersk festning kalla Maia ein gong låg. Dette var den nest største festninga ved Hadrianmuren.[4] Utanfor sørporten av festningen var det også ein liten busetnad for sivile (vicus).[4]

Kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja i landsbyen, St Michael's Church, blei bygd oppå det som kan ha vore eit romersk kornlager på 1100-talet. Som mange andre bygningar langs Hadrianmuren brukt ein romersk stein til bygningen. Dei to opphavlege kyrkjeklokkene blei stolne av grenseraiderar i 1626, og så tapte i Solway Firth under flukta deira. Til gjengjeld raida folk frå landsbyen Dornock og Middlebie i Skottland, og henta seg eit nytt par klokker. Det er tradisjon at presten av Annan bed om å få klokkene tilbake ved innsetjinga si, og at dette blir avvist. Kyrkja blei restaurert i 1891.[5]

Solway Viaduct[endre | endre wikiteksten]

I 1869 blei jernbanelinja Solway Junction Railway opna. Ho band saman Maryport and Carlisle Railway med det skotske jernbanenettet meir direkte enn den dåverande ruta gjennom Carlisle ved hjelp av ein 1 mile (2 km), 176 yard (161 m) lang jerndragar-viadukt ein kan sjå restane av over Solway mellom Bowness-on-Solway og Annan i Scotland.[6] Viadukten gjer at skip ikkje kan segla inn i indre Solway, og øydela dermed handelen til Port Carlisle, som elles i stor grad var blitt erstatta av ein våtdokk ved Silloth. Viadukten fekk noko frostskade i 1875; i 1881 blei store delar av han øydelagde av isflak, men viadukten blei gjenoppbygd. Jernbanelinja fekk likevel ikkje den viktige tydinga ein var blitt lova, og i 1914 gjekk ho over til å berre ha godstrafikk. I 1921 blei linja heilt stengd, og i 1934 blei viadukten riven.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Det ligg ein barneskule i landsbyen, Bowness-on-Solway Primary School. I 2021 hadde han 46 elevar.[7]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Parish population 2011». Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 18 June 2015. 
  2. «Bowness-on-Solway», Visit Hadrian's Wall (på engelsk), 10. mars 2016, arkivert frå originalen 25. april 2022, henta 25. april 2022 
  3. Armstrong, A. M.; Mawer, A.; Stenton, F. M.; Dickens, B. (1950). The place-names of Cumberland. English Place-Name Society, vol.xx. Part 1. Cambridge: Cambridge University Press. s. 123. 
  4. 4,0 4,1 Maia at www.Roman-Britain.co.uk
  5. «Bowness-on-Solway, Cumbria», web.archive.org, 9. september 2006, arkivert frå originalen 9. september 2006, henta 25. april 2022 
  6. «Solway Junction Railway - Visit Cumbria». 
  7. «Inspection of a good school: Bowness-on-Solway Primary School» (på engelsk). Ofsted. Henta 25. april 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]