Viadukt

Ein elegant viadukt ved Knaresborough i England, fullført i 1851 og som er 24 meter over vassflata.
Viadukt (frå latin via, 'veg' og ducere, 'å føra') er ei bru over ein veg, dal, jernbanelinje eller anna hindring. Dei liknar gjerne klassiske romerske akveduktar i utforming, med fleire støttande bogar under som har lik avstand mellom seg.[1]
Viaduktar over større elver eller fjordar vert kalla bruer. Romarane i antikken nytta ikkje nemninga viadukt. Det er ei moderne avleiing frå ein analogi med akvedukt.[2] Namnet viadukt vert sjeldnare brukt om slike konstruksjonar i Noreg, medan det er vanleg sørover i Europa.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «viadukt». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 23. februar 2022.
- ↑ «viaduct» Arkivert 2016-10-02 ved Wayback Machine., Oxford Dictionaries
- Denne artikkelen bygger på «Viadukt» frå Wikipedia på bokmål, den 24. oktober 2018.