Brøknipa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brøknipa
fjell
Bruviknipa1.JPG
Bruviknipa sett frå Utegardsnipa.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Osterøy (Hordaland)
Høgd 822 moh.
Primærfaktor 525 m
Lettast tilkomst Til fots
Koordinatar 60°29′03″N 5°39′5″E
Wikimedia Commons: Bruviknipa

Brøknipa, òg kjend som Bruviknipa, er det nest høgaste fjellet på Osterøy med ei høgd på 822 meter over havet og ligg på søraustsida av øya. Fjellet ruvar over bygda Bruvik og stig bratt opp frå Sørfjorden. Namnet nipa tyder nettopp framlutande fjelltopp eller berghammar med bratt framside.

Fjellet har ein primærfaktor på 525 meter over havet mot det høgare Høgafjellet, som er det høgaste fjellet på Osterøy med 868 meter over havet. Brøknipa har den 19. høgaste primærfaktoren i Hordaland. Like vest for Brøknipa ligg Utegardsnipa på 770 meter over havet.

Det er eit populært fjell for turgåarar og det går stiar opp frå både Bruvik, Skaftå og toppen av Trollskaret. I tillegg kan ein gå på ski frå Njåstad om vinteren.