Bruvik
Utsjånad
| Bruvik | |||
| stad | |||
Bruvik (til venstre) sett frå toppen av Brøknipa. I bakgrunnen til venstre ligg bygda Vaksdal. Foto: Frode H. Korneliussen | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Osterøy | ||
| Postnummer | 5285 BRUVIK | ||
| Innbyggjarnamn | bruviking | ||
![]() Bruvik 60°28′50″N 5°41′00″E / 60.4806°N 5.68333°E | |||
| Wikimedia Commons: Bruvik, Osterøy | |||
Bruvik er ei bygd i Osterøy kommune i Vestland fylke. Bygda ligg på sørkysten av Osterøy. Bruvik var senter for ein eigen kommune frå 1870 til 1964.
Bruvik kommune 1870 - 1964
[endre | endre wikiteksten]Bruvik var opphavleg ein del av Haus (Arna) formannskapsdistrikt.
Haus vart delt i to og Bruvik skilt ut som eigen kommune 1. januar 1870.
1. januar 1964 skifta Bruvik kommune namn til Vaksdal kommune og fekk Bergsdalen og Eksingadalen frå Evanger og Modalen kommunar innlemma i seg.
Samstundes vart sjølve Bruvikbygda frådelt, og denne utgjer den nye Osterøy kommune, saman med dei delane av Haus, Hosanger og Hamre som låg på Osterøya.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling for tidlegare Bruvik kommune frå 1920 til 1964:
| 1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1964[3] |
|---|---|---|---|---|---|
| 4091 | 4668 | 5152 | 5572 | 5796 | 5673 |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- M/S «Bruvik», eit passasjerskip
