Brønnkarse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For vassplanten brukt til mat, sjå engelskkarse.
Brønnkarse
Brønnkarse
Brønnkarse
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Stamme: Cardamineae
Slekt: Rorippa
Art: Brønnkarse R. palustris
Vitskapleg namn
Rorippa palustris

Brønnkarse eller brunnkarse (Rorippa palustris) er ein urt i krossblomfamilien som veks på fuktig jord . Han er ein eitt- eller toårig plante som blir 20–50 cm høg. Brønnkarse har fjørdelte blad og lysegule blomar.

Brønnkarse er ein utbreidd plante i delar av Afrika og mykje av Eurasia, Nord-Amerika og Karibia.[1] I Noreg veks han over heile landet.[2] Han finst også som innført art og ugras i andre delar av verda, som Australia og Sør-Amerika.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 GRIN (22 April 2010). «Rorippa palustris information from NPGS/GRIN». Taxonomy for Plants. National Germplasm Resources Laboratory, Beltsville, Maryland: USDA, ARS, National Genetic Resources Program. Henta 14 July 2013. 
  2. «Brønnkarse». Store norske leksikon. 14. februar 2009.