Hopp til innhald

Bracknell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bracknell
by
Land  England
Region Berkshire
Distrikt Bracknell Forest
Folketal 77 256 (2011)[1]
Postnummer RG12, RG42
Retningsnummer 01344
Kart
Bracknell
51°24′58″N 0°44′56″W / 51.416°N 0.749°W / 51.416; -0.749
Wikimedia Commons: Bracknell

Bracknell er ein by i Bracknell Forest i Berkshire i England. Han ligg 18 km søraust for Reading, 16 km sørvest for Windsor og 53 km vest for London. Byen har opp under 80 000 innbyggjarar.

Utsyn frå Ocean House.
Foto: Rob Motha

Namnet Bracknell vart først omtalt i Winkfield Boundary Charter i 942 som Braccan heal, og kan tyde «Kroken som høyrer til Bracca», frå gammalengelsk Braccan + heal, healh (eit hjørne, krok eller hemmeleg stad).[2] Ei tidleg form av bynamnet Brakenhale finst framleis som namn på ein av skulane i byen.

Byen er omgjeve i aust og sør av dei store skogane Swinley Woods og Crowthorne Woods. Byområdet har vokse saman med fleire lokale utanomliggande område som Warfield, Winkfield og Binfield.

  1. http://www.citypopulation.de/UK-Cities.html.
  2. Mills, A.D: A Dictionary of English Place-Names, page 46. Oxford University Press, 1991.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bracknell