Hopp til innhald

Windsor i Berkshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Windsor
by
Land  England
Region Berkshire
Distrikt Windsor and Maidenhead
Folketal 32 184
Postnummer SL4
Retningsnummer 01753
Kart
Windsor i Berkshire
51°29′00″N 0°36′00″W / 51.483333333333°N 0.6°W / 51.483333333333; -0.6
Wikimedia Commons: Windsor, Berkshire

Windsor er ein liten by i Berkshire i England. Han ligg sørvest for London, kort veg utanfor bygrensen, og sør for Themsen. Byen høyrer til den sameinte styresmakta Windsor and Maidenhead.

Windsor er mest kjend for Windsor slott, ein av dei offisielle residensane til den britiske kongefamilien. Det vart opphavleg bygd av Vilhelm Erobraren på 1000-talet, og er sidan endra og utvida ei rekkje gonger. På grunn av slottet har byen to jernbanestasjonar, eit teater og fleire nokså store hotell og fasilitetar ein elles forbind med noko større byar.

Windsor Bridge, Windsor og Windsor Castle.
Foto: Aurelien Guichard

Legoland Windsor ligg òg i byen, på eit stad der det tidlegare låg ein safaripark.

Byen Eton ligg heilt inntil, og er forbunden med Windsor via ei bru over Themsen. Ho var tidlegare open for biltrafikk, men er no berre for fotgjengarar, og har dermed skapt ein god gangveg mellom Windsor sentrum og hovudgata i Eton.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Windsor i Berkshire