Braga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Braga
Flagget til Braga Byvåpenet til Braga
Flagget til Braga Byvåpenet til Braga


Plassering
Braga is located in Portugal
Styresmakter
Land Portugal Portugal
Region Norte
Distrikt Braga
Borgarmeister Ricardo Rio
Geografi
Flatevidd
 - By

183,2 km²
Innbyggjarar
 - Totalt
   - folketettleik
 - Byområde

170 858
  932,6 /km²
128 138
Koordinatar 41°35′″N 8°25′″WKoordinatar: 41°35′″N 8°25′″W
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.cm-braga.pt

Braga er ei by og ein kommune nordvest i Portugal i distriktet Braga. Han er det eldste erkebispedømet og ein av dei største byane i landet. Kommunen har om lag 170 000 innbyggjarar og er senter i storbyområdet Minho med nesten 800 000 innbyggjarar. Under Romarriket, som Bracara Augusta, var han hovudstad i provinsen Gallaecia. Byområdet strekkjer seg frå elva Cavado til elva Este. Braga har lyntogsamband til Porto og Lisboa. Porto ligg om lag 53 km lenger sør.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Regionen rundt Braga har vore busett sidan førhistorisk tid og i jernalderen heldt folket Bracari til i området og bygde karakteristiske festningslandsbyar. Han var hovudstad for Callaici Bracarii eller Bracarenses, eit folk som heldt til i området som i dag er Galicia og nordlege område av Portugal. Romarane erobra området frå rundt 136 f.Kr. og under keisar Augustus (rundt år 20 f.Kr.) vart byen Bracara Augusta grunnlagd som eit administrasjonssenter for det nye romerske området. Bracara vart vald ut av keisaren og derfor fekk han namnet Augusta.

Kart over Braga frå slutten av 1500-talet, då byen framleis låg innanfor bymurane. Den store bygningen i midten er domkyrkja i Braga. Erkebispepalasset kan ein sjå oppfor domkyrkja.

. Byen Bracara Augusta utvikla seg raskt i det 1. hundreåret e.Kr. og nådde den største utstrekninga si på 100-talet. Mot slutten av 200-talet gav keisar Diocletianus byen status som hovudstad i den nygrunnlagde provinsen Gallaecia.

germanarane invaderte Den iberiske halvøya og Romarriket forsvann, kom Bracara Augusta og heile regionen Gallaecia inn under svebarar, eit germansk folk frå Sentral-Europa. I 410 oppretta svebarane eit kongedømet nordvest i Iberia og valde Bracara som hovudstad. I 584 vart byen erobra av vestgotarar, som tok heile Hispania. Dei oppretta erkebispedømet i byen. Erkebiskopen av Braga kravde i lang tid makta over heile den spanske kyrkja, men dette vart aldri akseptert i Spania.

Braga spelte ei viktig rolle i kristninga av Den iberiske halvøya. Den første kjende biskopen av Braga, Paternus, levde mot slutten av 300-talet, sjølv om St. Ovidius (d. 135 e.Kr.) stundom vert rekna som den første biskopen i byen.[1] Tidleg på 400-talet vart Paulus Orosius, ein ven av Augustin av Hippo fødd i Braga. Han skreiv fleire viktige teologiske og historiske verk. På 500-talet klarte St. Martin av Braga, ein biksop i Braga, å konvertere svebarane frå arianisme til katolisisme. Han grunnla òg eit kloster nær Braga, i Dumio (Dume), som i dag er ein arkeologisk stad. Fleire økumeniske råd vart halde i Braga i denne perioden, noko som syner at byen var religiøst svært viktig på denne tida.

Ein fløy av erkebispalasset i Braga frå 1300-talet.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Perioden under vestgotarane og arabarane er ei tid ein veit langt mindre om og ein periode med forfall for byen. Maurarane erobra Braga tidleg på 700-talet, men han vart gjenerobra i 1040 av kong Ferdinand I av Castile og León. Frå 1093 til 1147 var han residens for den portugisiske kongen. Bispedømet vart gjeninnført i 1070 og den første nye biskopen, Pedro, starta gjenoppbygginga av domkyrkja, som i løpet av åra etter har vorte omforma mange gonger. Tidleg på 1100-talet klarte grev Henrik av Portugal og biskop Gerald av Moissac å gjere Braga til eit erkebispesete med makt over store område av Iberia. Mellomalderbyen utvikla seg rundt domkyrkja og dekte berre ein liten del av den opphavlege romerske byen frå antikken.

Moderne tider[endre | endre wikiteksten]

På 1500-talet tente ikkje Braga mykje på Oppdagingstida, som Lisboa, Évora og Coimbra gjorde. Situasjonen endra seg med erkebiskop Diogo de Sousa, som gav pengar til fleire utbetringar i byen, inkludert større gater, offentlege plassar og bygging av fleire sjukehus og nye kyrkjer. Han moderniserte òg domkyrkja. Diogo de Sousa omgjorden mellomalderbyen til ein renessanseby og mange av utbetringane hans er framleis synlege i dag.

Ein annan gullalder for byen var 1700-talet då erkebiskopane og arkitektar som André Soares og Carlos Amarante bygde vakre barokkyrkjer og offentlege bygg. Rådhuset og det offentlege biblioteket er frå denne perioden, samt fleire av palassa og Bom Jesus do Monte.

1800-talet var ein vanskeleg periode for både byen og landet, som vart invadert av troppane til Napoleon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Braga

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]