Breaking Bad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Breaking Bad logo.svg

Breaking Bad er ein amerikansk drama/krim TV-serie skapt og produsert av Vince Gilligan. TV-serien vart sendt på den amerikanske kanalen AMC i USA og Canada. Serien hadde premiere den 20. januar 2008, og den siste episoden var på lufta 29. september 2013.

Handlinga i serien er lagt til Albuquerque i New Mexico, og er om kjemilæraren Walter White (Bryan Cranston), som vert diagnostisert med lungekreft i byrjinga av serien. For å sikre familien økonomisk om/når han fell bort byrjar han å produsere og selje metamfetamin saman med den tidlegare eleven Jesse Pinkman (spelt av Aaron Paul).

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!