Bregnar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bregnar
Asplenium marinum Moore38.png
Systematikk
Rike: Plantar Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Bregnar Filicophyta

Bregnar er karsporeplantar. Dei formeirar seg med sporar. Bregnane har store, som regel delte eller flika og trekanta blad.

Hjå bregnane, som hjå andre karsporeplantar, sit sporane i sporehus. Hjå mange bregneartar sit sporehusa i klasar (sori) som sit på undersida av blada.

Bregnane har generasjonsveksling, med ein sporofyttgenerasjon og ein gametofyttgenerasjon. Den grøne planta er sporofyttgenerasjonen, og er ofte fleirårig. Gametofyttgenerasjonen er som regel ikkje uavhengig av sporofytten, men sit som eit lite utskot på sporofytten. Hjå somme artar veks gametofytten under jorda og er saprofyttisk.

Klassifiseringa av bregner er ikkje avklåra. Mange grupper, mellom anna ormetungebregnar, som har vore rekna mellom bregnane har synt seg å høyra til eigne grupper.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bregnar
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!