Breithorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om fjellet i Wallis-Alpane. For andre fjell, sjå Breithorn (fleirtyding).
Breithorn
fjell
Breithorn01.jpg
Breithorn sett frå Klein Matterhorn
Land Flag of Switzerland.svg Sveits, Flag of Italy.svg Italia
Del av grensa mellom Italia og Sveits
Fjellkjede Wallis-Alpane
Høgd 4 164 moh.
Primærfaktor 429 m ↓ Monte Rosa
Sekundærfaktor 4,6 km → Castore
Koordinatar 45°56′28″N 7°44′50″E
Lettast tilkomst Enkel is/snøklatring
Førstestiging Henry Maynard
 - dato 1813

Breithorn
45°56′28″ N 7°44′50″ E
Alps location map.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Breithorn

Breithorn er ein stort sett bredekt del av Alpehovudkammen som ligg i Wallis-Alpane på grensa mellom kantonen Valais i Sveits og regionen Aosta i Italia.

Breithorn-kammen har fem markante toppar. Den høgste og lettast tilgjengelege er Vesttoppen (Westgipfel). Vidare mot aust ligg Midttoppen (Mittelgipfel) og dei to Breithorn-tvillingane (Zwillinge). I aust endar Breithorn med Schwarzfluh (Roccia Nera).

Av fjella i Alpane på over 4 000 meter vert Westgipfel rekna som det enklaste fjellet å nå toppen av. Dette kjem av at kabelvogna opp til Klein Matterhorn tar klatrarane opp til eit utgangspunkt på 3 870 m. Standardruta frå sørvestsida går over eit isbreplatå før klatringa til sjølve toppen startar.

Breithorn vart først klatra i 1813 av Henry Maynard, Joseph-Marie Couttet, Jean Gras, Jean-Baptiste og Jean-Jacques Erin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Breithorn
Litteratur