Brevgrotta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°25′57″ N 35°20′35″ E
Brevgrotta
grotte
Cave of Letters (1).jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Koordinatar 31°25′57″ N 35°20′35″ E

Brevgrotta
31°25′57″ N 35°20′35″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Cave of Letters

Brevgrotta er ei grotte i ørkenen i Israel, nær grensa til Judea. Ho fekk dette namnet då det i 1960-1961 vart funnen brev og fragment av papyrus datert attende til Bar Kokhba-opprøret i år 132-135. Somme av breva var personlege brev mellom Bar-Kokhba og undersåttane hans, og ein særskild bunt med papyrus, kalla Babata eller Babatha skildra livet og slitet til ei kvinne, Babata, som levde på denne tida.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Grotta ligg i ei kløft kalla Nahal Hever, kring 20 km sør for staden der Daudehavsrullane vart funnen. Ho ligg nokre kilometer sør for En-gedi, og kring 10 kilometer nord for Masada, på vestsida av Daudehavet.

Ein rull funnen i grotta, ein del av Babathaarkivet

Oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Ho vart først oppdaga av beduinar frå Ta`amireh-stamma og så utforska i 1953 og 1955 av ein inspektør i Israelsk antikvitetsdepartement, Y. Aharoni. Etter at somme brev skriven av Bar-Kokhba, funnen i grottene i ei kløft kalla Wadi Murraba`at, 18 km sør for Qumrangrottene og 3 km frå Daudehavet, vart seld, vart det sett saman ein ekspedisjon i 1953 for å utforske denne grotta. Ekspedisjonen drog i staden til Nahal Hever der det var rapportar om beduinaktivitet. Då dei kom fram oppdaga dei at det like over Brevgrotta var ein romersk leir. Ein annan leir låg på sørsida av kløfta. I Brevgrotta vart det funne kalkolittiske gjenstandar frå 3000-talet, og ting frå romartida. Dei utforska ikkje grotta vidare fordi nokre store steinar blokkerte tilkomsten til resten av grotta, i tillegg til at beduinane alt hadde vore der. Det var først i 1960, då fleire dokument frå Bar Kokhba-opprøret vart selde til vitskapsmenn i Jordan, at dei israelske styresmaktene godkjende ein ny ekspedisjon. Med støtte frå det israelske forsvaret, byrja fire forskargrupper å utforske ørkenen sommaren 1960. Dei fann då nokre av breva i grotta, og resten av breva vart funnen året etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]