Brian Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brian Smith
Fødd3. januar 1939 (82 år)
FødestadWellington
OpphavNew Zealand
Sjangerjazz
Instrumentsaksofon
PlateselskapCIMP
Verka somjazzmusikar, saksofonist

Brian Smith (fødd 3. januar 1939) er ein jazzsaksofonist og fløytist frå New Zealand.

Smith lærte seg å spele piano som ung, men var i stor grad sjølvlærd på blåseinstrument. Han spelte i lokale pop- og jazz-grupper før han flytta til England i 1964, der han spelte i Alexis Korner sitt Blues Incorporated. Etter dette spelte han på Ronnie Scott's Jazz Club i 1966-67 og i storbanda til Tubby Hayes (1969) og Maynard Ferguson (1969-74). Han var medlem av gruppa Nucleus frå 1969 til 1982, og spelte med Mike Westbrook (1969), Neil Ardley (1969, 1976), Mike Gibbs (1970), Spontaneous Music Ensemble (1970-71), Keith Tippett (1971), Pacific Eardrum i 1975-76 og Paz i 1976.

I 1982 reiste Smith attende til New Zealand, der han spelte i sin eigen kvartett. Albumet hans Southern Excursions frå 1984 vart kåra til årets australske jazzalbum det året.[1] Han arbeidde med Frank Gibson jr. seinare i 1980-åra med base i Auckland. Albumet hans Moonlight Sax gjekk inn på albumlista i New Zealand.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fairweather/Kernfeld, «Brian Smith». Grove Jazz online.