Nucleus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nucleus
OpphavStorbritannia
Aktiv1969–1989; 2005, 2007, 2009 (enkelt konsertar)
SjangerJazzrock, progressiv rock, psykedelisk rock, funk
Tilknytte artistarSoft Machine, Rendell–Carr Quintet
PlateselskapVertigo

Nucleus var ei britisk jazzrockgruppe som var aktiv i ulike former frå 1969 til 1989.[1] I 1970 vann bandet førsteprisen på Montreux Jazz Festival, og gav ut albumet Elastic Rock. Same året spelte dei både på Newport Jazz Festival og jazzklubben Village Gate.[2]

Bandet vart skipa av Ian Carr,[3][4] som hadde vore medlem av Rendell–Carr Quintet i midten og slutten av 1960-åra.[4] Debutalbumet Elastic Rock, og dei to neste platene, We'll Talk About It Later (1970) og Solar Plexus (1971), kom alle ut på Vertigo Records, og musikkskribenten Colin Larkin har skrive at dei var «viktige i ein kvar omfattande rock- eller jazzsamling».[1]

I august 2005 kom ei utgåve av Nucleus, med gamle og nye medlemmar, saman att for ein konsert på Cargo i London.[5] Dette vart følgd opp 30. mars 2007 av ein Nucleus Revisited-konsert på Pizza Express Jazz Club i London i høve tiårsjubileet til magasinet Jazzwise. Nucleus Revisited inkluderte Geoff Castle, Mark Wood og Tim Whitehead og på trompet, Chris Batchelor. Sjølv om Ian Carr ikkje spelte på grunn av sjukdom, var han til stades på konserten og fekk ståande applaus. 4. august 2009 spelte Nucleus Revisited på Ronnie Scott's Jazz Club i London med Michael Garrick's Quartet som ein del av den to veker lange Brit Jazz Fest.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Til ulike tider har følgjande personar vore medlem i Nucleus:

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Colin Larkin, red. (1997). The Virgin Encyclopedia of Popular Music (Concise utg.). Virgin Books. s. 908. ISBN 1-85227-745-9. 
  2. Carr, Ian; Fairweather, Digby; Brian, Priestley (2004). The Rough Guide to Jazz. Rough Guides. s. 1–. ISBN 978-1-84353-256-9. Henta 31. juli 2019. 
  3. Torreano, Bradley. «Nucleus». AllMusic. Henta 30. desember 2020. 
  4. 4,0 4,1 Feather, Leonard; Gitler, Ira (2007). The Biographical Encyclopedia of Jazz. Oxford University Press. s. 111. ISBN 0-19-507418-1. 
  5. Fordham, John (1. september 2005). «Ian Carr's Nucleus, Cargo, London». The Guardian. Henta 30. desember 2020. 
  6. Farbey, Roger (March 2003). «Nucleus Live in Bremen». Ian Carr + Nucleus Website. Arkivert frå originalen 19. februar 2011. Henta 30. desember 2009. 
  7. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 398. ISBN 1-904994-10-5. 
  8. «We'll Talk About It Later - Nucleus | Releases». AllMusic. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]