Brie Larson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brie Larson

Fødd1. oktober 1989 (34 år)
FødestadSacramento
FødenamnBrianne Sidonie Desaulniers
Aktive år1998–
Verka somskodespelar, songar, filmregissør, manusforfattar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmprodusent, fjernsynsprodusent, regissør
SambuarAlex Greenwald, Elijah Allan-Blitz
PrisarOscar for beste kvinnelege hovudrolle, Crystal Award, BAFTA Award for Best Actress in a Leading Role, Golden Globe Award for Best Actress – Motion Picture Drama, Screen Actors Guild Award for Outstanding Performance by a Female Actor in a Leading Role

Brie Larson (fødd 1. oktober 1989) er ein amerikansk skodespelar og musikar.

Larson fekk heimeundervisning før ho byrja å studera skodespel ved American Conservatory Theater. Ho byrja skuespillerkarrieren på fjernsyn og fekk etter kvart ei fast rolle i situasjonskomedien Raising Dad. Larson vart nominert til ein Young Artist Award for denne rolletolkinga.

Utover 2000-åra fekk ho filmroller i 13 snart 30 og Sleepover. Ho fekk god kritikk for rolleskildringa i Hoot (2006) og spelte biroller i filmane Greenberg (2010), Scott Pilgrim vs. the World (2010) og 21 Jump Street (2012). Frå 2009 til 2011 hadde Larson rolla som ein opprørsk tenåring i TV-serien United States of Tara.

Ggjennombrot til Larson kom med hovudrolla i den uavhengige dramafilmen Short Term 12 (2013). I 2015 spelte ho hovudrolla som kidnappingsofferet Ma i dramafilmen Room, som var basert på Emma Donoghue sin roman Rom. Larson vann fleire bransjeprisar for rolletolkinga, mellom anna ein British Academy Film Award, ein Critics' Choice Movie Award, ein Golden Globe, ein Screen Actors Guild Award og Oscar for beste kvinnelege hovudrolle.

Ei av hennar største roller var i Marvel Studios-filmen Captain Marvel, der ho spela hovudrolla Captain Marvel.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Year Title Role Merknas
1999 Special Delivery Little Angel
2000 Schimmel Samantha TV-film
2003 Right on Track Courtney Lee Enders
2004 13 snart 30 Six Chick
2004 Sleepover Elizabeth «Liz» Daniels
2005 Madison Racing Girl #2
2006 Hoot Beatrice «The Bear» Leep
2007 Farce of the Penguins Teenage Penguin Stemmerolle
2008 Remember the Daze Angie
2008 The Babysitter Allison Kortfilm
2009 House Broken Susan «Suzy» Decker
2009 Just Peck Emily
2009 Tanner Hall Kate
2010 Greenberg Sara
2010 Scott Pilgrim vs. the World Envy Adams
2011 Treatment Franny
2011 Smorgasbord Ciara Kortfilm
2011 Rampart Helen
2012 21 Jump Street Molly
2012 The Trouble with Bliss Stephanie Jouseski
2013 Don Jon Monica Martello
2013 Short Term 12 Grace Howard
2013 The Spectacular Now Cassidy
2014 The Gambler Amy Phillips
2015 Digging for Fire Max
2015 Trainwreck Kim Townsend
2015 Room Joy «Ma» Newsome
2016 Basmati Blues Linda
2016 Free Fire Justine
2017 Kong: Skull Island Weaver Etterarbeid
2017 The Glass Castle Jeannette Walls Etterarbeid
2019 Captain Marvel Captain Marvel (Carol Danvers)
2019 Avengers: Endgame Captain Marvel (Carol Danvers)

Fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle Notat
1998 To Have & to Hold Lily Quinn 2 episodar
1999 Touched by an Angel Rachel 1 episode
1999 Popular Robin Robin 1 episode
2000 Then Came You Young Allison 1 episode
2001–2002 Raising Dad Emily Stewart 22 episodar
2003 Hope & Faith Sydney Shanowski Ikkje vist pilot
2008 Ghost Whisperer Krista Eisenburg 1 episode
2009 The Burg Hipster Girl 1 episode
2009–2011 United States of Tara Katherine «Kate» Gregson 36 episodar
2011 The League Ashley 2 episodar
2012 NTSF:SD:SUV:: Katerin
2012 Entry Level Laura Pilotepisode
2013 Kroll Show College Girl 2 episodar
2013–14 Community Rachel 3 episodar
2015 Comedy Bang! Bang! Seg sjølv 1 episode
2016 Saturday Night Live Seg sjølv (vert) 1 episode

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Brie Larson