Briey
Briey | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Lorraine Meurthe-et-Moselle | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
27,13 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
4 858 179/km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 240 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 54150 | ||
Heimeside: www.ville-briey.fr |
Briey er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Meurthe-et-Moselle i regionen Lorraine.
Byen ligg i ei bratt dalside ved elva Woigot. Byen har mista innbyggjarar jamnt og trutt gjennom 1900-talet, og har i dag om lag 5 000 innbyggjarar.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Briey er ein del av det som ein gong var ei større gruppe med tungt industrialiserte landsbyar. Elva Woigot, ei av sideelvane til Orne, renn gjennom byen.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Opphavet til namnet Briey kjem frå det keltiske ordet «Briga», som tyder «festning». Grevane av Bar hadde eit slott her i 1072. Briey fekk byprivilegium i 1263. Dei turbulente åra etter Svartedauden i 1348-1349 og eit skifte i den økonomiske makta førte til mykje vald i området, og i 1369 vart Briey brend ned av ein styrke frå Metz.
Briey vart erobra av Karl I av Burgund i 1475, rasert av protestantar i hugenottkrigen i 1591 og erobra av den svenske hæren under trettiårskrigen i 1635. Byen vart òg okkupert ei kort stund av den russiske hæren i løpet av dei siste dagane av napoleonkrigane i 1815.
I 1801 vart Briey underprefektur i departementet Moselle. Etter den fransk-prøyssiske krigen vart det meste av Moselle ein del av Tyskland etter Frankfurttraktaten. Restane av Moselle vart ein del av departementet Meurthe-et-Moselle. Då Frankrike fekk tilbake Lorraine etter Versaillestraktaten i 1919 valde ein å ikkje føre Briey tilbake til det opphavlege departementet.