Hopp til innhald

Brighton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brighton
by
Land  England
Region East Sussex
Distrikt Brighton and Hove
Areal 82,67 km²
Folketal 134 293 (2001)
Postnummer BN
Retningsnummer 01273
Kart
Brighton
50°49′15″N 0°08′15″W / 50.820833333333°N 0.1375°W / 50.820833333333; -0.1375
Wikimedia Commons: Brighton, East Sussex

Brighton er ein kystby i East Sussex i England. Han dannar saman med Hove eit samanhengande urbant område, som sidan 1997 har vore administrert som den sameinte styresmakta Brighton and Hove. I 2000 fekk dei i fellesskap status som city.

Det er funne spor etter ein, etter målestokken til perioden, større busetjing frå yngre steinalder i byen. Ein steinsirkel frå perioden var verna inntil 1820, då ein gardbruker meinte det var for mange vitjande og begravde steinane. Arkeologar har påvist fleire gravplassar frå begerkulturen i området, og det finst òg ei rekkje graver med rikt gravgods frå bronsealderen.

I Domesday Book (1086) kallast den dåverande landsbyen Bristemestune. Ved slutten av mellomalderen heitte han Brighthelmstone, og var ein liten fiskerlandsby. Han vart brunne ned av franskmennene 1514, under krigen som starta etter Westminstertraktaten (1511). I 1545 søkte innbyggjarane kongen om å få ei kanon til å forsvare byen. Dei laga då eit kart som viste åtaka til franskmennene i 1511; karta ligg i bymuseet til Hove.

Royal Pavilion

Heilt opp til midten av 1700-talet var Brighton ein liten fiskerlandsby. Men i 1753 publiserte dr. Richard Russell ein teori om helsebringande effektar ved sjøbad. Han slo seg ned i Brighton, og dermed trekte rike og sjuke dit for å nyte dei same effektane som han. Innan 1780 hadde store hus byrja å springe opp, og Brighton vart ein fasjonabel badeby. I 1786 leigde prinsen av Wales, den seinare Georg IV, ein gard ved Brighton. Han fekk reist han kongelege paviljongen, som er eit landemerke i byen.

Grand Hotel-attentatet

[endre | endre wikiteksten]

På morgonen 12. oktober 1984 sprengte Det provisoriske IRA ei kraftig bombe på Grand Hotel, der leiarar i Det konservative partiet deltok på ein konferanse. Bomba eksploderte nær rommet til dåverande statsminister Margaret Thatcher, men ho kom uskadd frå attentatet. Fire menneske omkom, blant anna Sir Anthony Berry. Fleire regjeringsmedlemmar vart skadd, blant anna Norman Tebbit, men ingen av ministrane var blant dei omkomne. Etter attentatet uttalte PIRA at Thatcher hadde vore heldig denne gongen, men medan ho må vere heldig kvar gong trong PIRA berre å vere heldig éin gong.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Brighton