Umeå universitet
Umeå universitet | |
![]() Umeå University Campus | |
Grunnlagt | 1965 |
---|---|
Type | Statleg universitet |
Rektor | Prof. Lena Gustafsson |
Stad | Umeå |
Studentar | 34225 |
Tilsette | 4359 |
Nettstad | www.umu.se |
Umeå universitet er eit statleg universitet i Umeå i Sverige. Universitet vart oppretta i 1965 som det femte universitetet i landet. Umeå universitet kan samanliknast med Linköpings universitet i storleik, som det femte eller sjette største universitet i Sverige, målt i tal på studentar. I 2012 hadde universitetet kring 4 300 tilsette og ein omsetnad på ca 3,9 milliardar SEK.[1] Det vert rangert som eit av verdas 200-300 beste universitet og som det 5. til 8. beste i Sverige.[2][3][4]
Organisasjon[endre | endre wikiteksten]
Universitetet i Umeå er organisert i fire fakultet med om lag 50 institutt, 20 senter og 8 høgskular. Dei fire fakulteta er:
- humanistisk
- medisinsk
- samfunnsvitskap
- teknisk-naturvitskap
Høgskular[endre | endre wikiteksten]


Ved Umeå universitet er det åtte ulike høgskular:
- Arkitekthögskolan vart oppretta i 2009 som Sveriges fjerde arkitektutdanning, med om lag 60 nye studentar kvart år.
- Designhögskolan har landets mest omfattande utdanning i industridesign.
- Handelshögskolan (USBE) utdannar siviløkonomar i tre ulike kandidatprogram og fem ulike masterprogram. Handelshögskolan er eit av berre seks universitet i Sverige som har rett til å uteksaminera siviløkonomar.
- Idrottshögskolan vid Umeå universitet vart oppretta i 2000 og driv forsking og utdanning innan idrett.
- Konsthögskolan, har om lag 60 studentar som studerer fri kunst.
- Lärarhögskolan vid Umeå universitet (før kalla Umeå School of Education) erstatta ved årsskiftet 2008/2009 det tidlegare lærarfakultetet.
- Restauranghögskolan, vart oppretta i 2002 som den andre av sitt slag i Sverige.
- Tekniska högskolan, har sju sivilingeniørprogramm og like mange høgskuleingeniørprogram.
Æresdoktorar i utval[endre | endre wikiteksten]
- Kerstin Ekman (1998) – forfattar, medlem av Svenska Akademien
- Christer Fuglesang (1999) – astronaut
- Tarja Halonen (2009) - Finlands president
- Roger D. Kornberg (2003) – nobelpristakar i kjemi 2006
- Sara Lidman (1978) – forfattar
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Umeå universitet: årsredovisning 2012» (PDF). Umeå universitet. 19. februar 2013. Henta 15. mai 2014.
- ↑ «Academic Ranking of World Universities - 2011». ARWU. Academic Ranking of World Universities. 2011. Henta 15. mai 2014.
- ↑ «Top Universities». CCHS-CSIC. CCHS-CSIC. 2012. Henta 15. mai 2014.
- ↑ «Top Universities». QS Top Universities. QS. 2013. Henta 15. mai 2014.
