Hopp til innhald

Bruning av hud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Synleg solelinje på ei kvinne som har fått mørkare hud gjennom ultraviolett eksponering, medan tildekt hud ikkje er påverka.

Bruning av hud er ein effekt der huda blir mørkare enn før, typisk gjennom eksponering av kroppen for sollys. Bruning er oftast resultatet av at huda blir utsett for ultrafiolett (UV-) stråling frå sollys eller frå kunstige kjelder, som lampar i solarium. Ein kan utsetja huda for sollys med vilje for å få brunare hud, kjent som soling. Nokre brukar kjemiske produkt som kan gje ein brunande effekt utan eksponering for ultrafiolett stråling, kjent som sjølvbruning.

Bruning[endre | endre wikiteksten]

Skjematisk bilde av huda som viser at hudtonen blir mørkare på grunn av produksjon av meir melanin for å takla DNA-skaden som blir forårsaka av UV-stråling.

Melanin er eit naturlig pigment som kjem av celler kalla melanocyttar i ein prosess som blir kalla melanogenesis. Melanocyttane produserer to typar melanin: Femomelanin (raud) og eumelanin (svært mørkebrun). Melanin vernar kroppen ved å absorbera ultrafiolett stråling. Overdriven UV-stråling fører til solbrenning i lag med andre direkte og indirekte DNA-skader på huda, og kroppen kjemper og prøver å reparere skaden og verna huda ved å oppretta og frigjera meir melanin inn i hudcellene. Med melaninproduksjonen blir hudfargen mørk. Bruninga kan bli utløyst av naturleg solskin eller ved kunstig UV-stråling, som kan koma i frekvensane av UVA, UVB eller ein kombinasjon av begge.[1] Intensiteten blir vanlegvis målt med UV-indeks.[2]

Bruning utan sol[endre | endre wikiteksten]

Solarium sender ut UV-stråling.

For å unngå å utsetja seg for UVB- og UVA-stråling, eller i årstider utan sterkt sollys, kan nokre folk gjera huda si brun på andre måtar. Dei kan nytta solbruningsmiddel, til dømes middel som inneheld dihydroksyaceton (DHA), som reagerer med daude hudceller og gjev dei ein djupare farge,[3][4] eller ulike kosmetiske produkt som krem, lotion, gel eller spray.[5] Det finst også salongar og spa som tilbyr spraybruning og liknande.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Garone, Michael; Howard, John; Fabrikant, Jordan (Feb 2015). «A Review of Common Tanning Methods». The Journal of Clinical and Aesthetic Dermatology 8 (2): 43–47. ISSN 1941-2789. PMC 4345932. PMID 25741402. 
  2. Encyclopædia Britannica almanac 2010. Chicago: Encyclopædia Britannica. 2009. ISBN 978-1615353293. 
  3. «Dihydroxyacetone». Arkivert frå originalen 28. juli 2010. Henta 6. juli 2010. 
  4. 4,0 4,1 «Sunless tanning: A safe alternative to sunbathing». Arkivert frå originalen 16. februar 2010. Henta 6. juli 2010. 
  5. «Apotek 1», www.apotek1.no, henta 26. mai 2024 


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bruning av hud