Brunswick-halvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brunswick-halvøya
halvøy
none  Crx del Sur på Brunswick-halvøya.
Crx del Sur på Brunswick-halvøya.
Land Flag of Chile.svg Chile
Cities of Tierra del Fuego Brunswick Peninsula.jpg

Brunswick-halvøya (spansk Península de Brunswick) er ei stor halvøy heilt sør i på det chilenske fastlandet. Halvøya dekkjer eit areal på om lag 6300 km2. Den største busetnaden på halvøya er byen Punta Arenas, som ligg på austkysten. Halvøya ligg i Punta Arenas kommune, i provinsen Magallanes i Región de Magallanes y de Antártica Chilena.

Halvøya blei namngjeven av engelske utforskar til minne om hertugen av Braunschweig-Wolfenbüttel, Fredrik Vilhelm, som kjempa på britane si side i Napoleonskrigane og døydde i slaget ved Quatre Bras i 1815.[1] Braunschweig blir kalla «Brunswick» på engelsk.

Sør og vest for halvøya ligg fleire av øyane i Eldlandet, mellom anna Desolación-øya, Santa Inés-øya, Clarence-øya, Aracena-øya og Dawson-øya i søraust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Regina B. Johnson: Strait of Magellan, a voyage throughout History XVI-XXI centuries