Diffusjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein diffusjonsprosess. Somme partiklar er oppløyste i eit glas med vatn. I starten ligg alle partiklane i eit hjørne av glaset. Visse partiklane flyttar seg tilfeldig rundt («diffuserer») i vatnet, så vil partiklane etter kvart verte jamt og uniformt fordelte i vatnet. Diffusjonen vil då framleis finne stad, men det ville ikkje lenger vere ein netto fluks.

Diffusjon tyder spreiing og kjem av det latinske verbet «diffundere» som tyder «utbreie» eller «spreie», og brukast om det at noko spreier seg. Det blir brukt om «eigentransporten til stoff», at dei rører seg utan ytre hjelp.

Innan fysikk og kjemi nyttast diffusjon om spreiing av stoff i eit anna stoff, frå høg til låg konsentrasjon i væske eller gass, som når ein drope saft blir tilført vatn, når røyk frå ein skorstein løyser seg opp i luft, når lydar spreier seg, eller når lukt spreier seg i luft. Dette er eit resultat av den tilfeldige, termiske rørsla til molekyl. Når stoffet er jamt fordelt seier ein at det har «diffundert», noko som går raskare jo mindre molekyla er.

I organismen er den termiske rørsla høg ved normal kroppstemperatur, og vilkåra for god diffusjon best, idet oksygen, hormon, næringsstoff og avfallsstoff skal diffundere mellom organa i kroppen, celler og vev.

Diffusjon av væsker gjennom ein membran kallast osmose. Blanding av væsker som ikkje lett lèt seg blande kallast emulsjon. Spreiing av ljos blir kalla dispersjon.

Omgrepet diffusjon blir òg brukt om spreiing mellom menneske, som korleis allel-genet spreier seg ved forplantning, eller for å forklare utviklinga av ein epidemi. Spreiing av idear omhandlar korleis tankemåtar, teknologi, kultur og gjerne rykte blir spreidd og teke i bruk hos mennesket, samfunnsgrupper og kulturar, sjå diffusjon i kommunikasjon

Det ein veit om diffusjon i fysikk og kjemi blir òg freista brukt på nye område, som til dømes det å lage algoritmar som sikrar effektiv spreiing av meldingar til alle i eit nettverk. Dette vert kalla epidemisk ruting.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]