Brystskiljevegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brystskiljeveggen. Den øvre og nedre delen er skilt av brystbeinsvinkelen.

Brystskiljeveggen eller mediastinum (frå mellomalderlatin mediastinus, «midtveg», «det som står i midten»)[1] er ei uavgrensa gruppe av strukturar i brystkassen som er omfemna av laust bindevev.[2] Det er det sentrale kammeret i brysthòla. Den inneheld hjartet, dei store blodårene i hjartet, matrøyret, luftrøyret, mellomgolvsnerven, hjartenervane, brystlymfegangen (ductus thoracicus), briset (thymus) og lymfeknutane i det midtre brystet.[1][2]

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Anatomien av brystskiljeveggen

Brystskiljeveggen ligg mellom høgre og venstre brysthinne i nærleiken av midtsagittalplanet. Den strekker seg frå brystbeinet framme til ryggsøyla bak, og inneheld alle brystorgana med unntak av lungene. Den kan delast i to delar: ein øvre eller superior del, og ein nedre eller inferior del.[1]

Den øvre brystskiljeveggen strekker seg frå høgda av hjarteposen (perikard) med ei øvre grense langs den vesle brystopninga (apertura thoracis superior), og ei nedre grense som strekker seg frå brystbeinsvinkelen (leddet mellom manubrium sterni («handtaket») og corpus sterni («kroppen»)) til mellomvirvelskivene i brystvirvel 4–5 (T4–T5).[3] Den nedre brystskiljeveggen strekker seg under det øvre nivået av hjarteposen, til mellomgolvet (diafragma). Den nedre brystskiljeveggen er delt inn i tre regionar, alle i forhold til hjarteposen. Den fremre brystskiljeveggen ligg føre hjarteposen. Den midtre brystskiljeveggen inneheld hjarteposten og dens innhald. Den bakre brystskiljeveggen ligg bak hjarteposen.[1]

Den er omfemna av brystveggen framme, lungene langs sidene og ryggmargen bak. Den er samanhengande med laust bindevev i nakken.

Anatomar, kirurgar og radiologar delar brystskiljeveggen ulikt.[4]

Signifikante funn på høgd med brystskiljeveggen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Holck, Per (29. oktober 2014). «mediastinum». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. Henta 21. desember 2014. 
  2. 2,0 2,1 SNL (2005 - 2007) (29. oktober 2014). «mediastinum — brystskilleveggen». Store Norske Leksikon. snl.no. Henta 21. desember 2014. 
  3. UAMS Department of Anatomy - Topographical Anatomy - Thorax, arkivert frå originalen 17. august 2004, henta 21. desember 2014 
  4. Goodman, Lawrence. Felson's Principles of Chest Roentgenology. 
  5. Radiographic Landmarks of the Upper Margin of the Superior Vena Cava (SVC) in Children. - Arai et al. 49 (Supplement 1): 32 - Canadian Journal of Anesthesia, arkivert frå originalen 8. mai 2005, henta 21. desember 2014 
  6. UAMS Department of Anatomy - Viscera of the Thorax, arkivert frå originalen 15. desember 2020, henta 21. desember 2014 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.