Ryggsøyle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Ryggsøyla til mennesket sett frå sida.

Ryggsøyla (frå latin columna, 'søyle'), ryggraden eller ryggbeinet er bygd av små enkeltknoklar kalla virvlar. Ryggsøyla er kjenneteiknet på ryggbeinsdyra. Talet på ryggvirvlar varierer frå art til art. Kvar virvel er bygd opp av ei massiv, nesten sylinderforma beinblokk. Ho er flat på over- og undersida, der ho ligg mot ei bruskskive. Fordi søylene har mange virvlar og ikkje berre éin stiv knokkel gjev ryggsøyla stor rørslefridom.

Ryggsøyla i menneske[endre | endre wikiteksten]

Røntgenbilde av nedre delen av ryggraden til eit menneske. Mellomvirvelskiver lager «tomrom» mellom ryggvirvlane. Nest nedste lendevirvel, L4, er knekt etter eit fall.

Ryggsøyla er mellom anna halden opp av ryggmuskelen m. erector spinae.

Menneske har normalt 33-34 virvlar: