Buckethead

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buckethead
Bucketheadgnr.jpg
Buckethead på scenen i 2008
Fødd13. mai 1969 (53 år)[1]
FødestadPomona i California i USA
FødenamnBrian Patrick Carroll
AliasBuckethead, Death Cube K
OpphavUSA
AktivSidan 1987
Sjanger
InstrumentGitar
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka somgitarist, komponist, banjospelar, jazzmusikar, jazzgitarist, musikar

Brian Patrick Carroll (fødd 13. mai 1969), kjend under artistnamnet Buckethead, er ein amerikansk musikar, låtskrivar og multi-instrumentalist. Han er kritikarrost for den nyskapande gitarspelinga si.[2] Musikken hans går over fleire sjangrar, som progressiv metal, funk, blues, bluegrass, ambient og avantgarde musikk. Han speler hovudsakleg som soloartist, men har òg samarbeidd med ei rekkje andre artistar som Bill Laswell, Bootsy Collins, Bernie Worrell, Iggy Pop, Les Claypool, Serj Tankian, Bill Moseley, Mike Patton, Viggo Mortensen, That 1 Guy, Bassnectar og Skating Polly. Han var òg medlem av Guns N' Roses frå 2000 til 2004. Han har spelt in 325 studioalbum, fire spesialutgjevingar og ein EP. Han har spelt på meir enn femti album for andre artistar.

Buckethead spelet vanlegvis med ei KFC-bøtte på hovudet, med oransje klistremerke som les FUNERAL i blokkbokstavar, og ei utrykkslaus kvit maske inspirert av Halloween 4: The Return of Michael Myers.[3] På eit tidspunkt gjekk han over til ei heilt kvit bøtte, utanom KFC-logoen, men gjekk sidan attende til KFC-bøtta, men utan klistremerka. Han brukar òg nunchaku og robotdansing på scenen.[4][5][6]

Buckethead vart stemt fram til åttandeplassen på ei liste i magasinet GuitarOne over dei ti raskaste gitaristane[7] og vart inkludert på ei liste i Guitar World over dei 25 raraste gitaristane gjennom tidene[8] og dei 50 raskaste gitaristane gjennom tidene.[9] Buckethead skreiv og framførte musikk for filmar som Saw II, Ghosts of Mars, Beverly Hills Ninja, Mortal Kombat, Mortal Kombat: Annihilation, Last Action Hero, Falling, og spelte sologitar på «Firebird» som vart nytta i Mighty Morphin Power Rangers: The Movie.

Buckethead-band og prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Dan Monti, Bryan Mantia og Buckethead i 2017.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Buckethead har gjeve ut 31 vanlege soloalbum, og minst 294 album i «Pikes Series», i alt 325 album.

Studioalbum


Pike-serien

Mal:See Buckethead Pikes er minialbum, i alt minst 294 album sidan 2011. Dei har ei gjennomsnittleg lengd på 30 minutt.

Singlar
  • The Ballad of Buckethead (1999)
  • Spokes for the Wheel of Torment (2004)
  • We Are One (med Serj Tankian) (2005)
  • Jordan (2006)
  • The Rising Sun (2011)
  • Mirror in the Cellar (2018)
  • Missing My Parents (2018)
  • 10 31 (2018)
  • How Much Does a Thought Weigh (2020)
  • Flare (2020)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Wednesday, May 13: Happy Birthday Buckethead». Wpdh.com. Henta 9. april 2022. 
  2. Cooper, Sean, Buckethead Biography, AllMusic. Henta 9. april 2022
  3. «Beneath The Bucket, Behind The Mask: Kurt Loder Meets GN'R's Buckethead». MTV.com. 21. november 2002. Arkivert frå originalen 10. mai 2013. Henta 9. april 2022. 
  4. Craziest Costumed Acts: No. 17 Arkivert 22. februar 2012 ved Wayback Machine., Spinner, Oct 19, 2007. Henta 9. april 2022
  5. Karevoll, Richard, A Closer Look at Buckethead Arkivert 13. februar 2009 ved Wayback Machine. The Echo Times, 3. mars 2008. Henta 9. april 2022
  6. Loder, Kurt (21. november 2002). «Beneath The Bucket, Behind The Mask: Kurt Loder Meets GN'R's Buckethead». MTV. Arkivert frå originalen 25. desember 2007. Henta 9. desember 2007. 
  7. «Top Shredders of All Time». RandyCiak.com. Arkivert frå originalen 9. mars 2008. Henta 26. februar 2008. 
  8. July 2016 (21. juli 2016). «High Strung: The 25 All-Time Weirdest Guitarists». Guitarworld.com. Henta 9. april 2022. 
  9. «50 fastest gitarists of all time, Guitar World, September 2011». Guitarworld.com. 18. september 2011. Arkivert frå originalen 29. desember 2011. Henta 29. februar 2012. 
  10. «PodOmatic». Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 26. juli 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Buckethead