Bud Powell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bud Powell
Bud Powell.jpg
Fødd 27. september 1924
New York by
Død

31. juli 1966
New York by

Yrke pianist, jazzmusikar, komponist

Bud Powell (27. september 19241. august 1966) var ein amerikansk jazzpianist, rekna for å vere mellom dei sentrale pianistane i bebopen.

Han deltok ikkje på dei tidlege sentrale bebop-innspelingane, men han synte fram sin særeigne spelestil på sine første innspelingar som leiar i 1947: Med ei perkussiv og eksplosiv høgrehand (fleire har hevda at Powell var pianistane sitt svar på Charlie Parker[1]) og ei venstrehand som forsiktig markerte akkordane med overraskande pausar og dissonansar.

Bud Powell sleit med store mentale problem store delar av livet, problem som vart styrkte av eit misbruk av alkohol og heroin. Han skal etterkvart ha oppført seg så merkeleg at sjølv Charlie Parker, som heller ikkje var kjend for sin gode oppførsel, nekta å ha han med seg i bandet sitt.

Han reiste til Paris i 1959, der han vart verande i fem år. Han returnerte til USA i 1964, der han var lova arbeid. Han var då sjuk av tuberkulose. Han skulle returnere til Paris, men det gjorde han aldri. Han heldt ein mislukka konsert i Carnegie Hall i 1965. Året etter døydde han av tuberkulose.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Richard Cook (2006). Richard Cook's Jazz Encyclopedia. Penguin Books. s. 506. ISBN 0-14-102646-4. 

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Richard Cook's Jazz Encyclopedia s. 506