Alkohol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit hydrometer kan nyttast til å måle alkoholinnholdet i ei væske der alkoholen kjem frå fermentering.

Alkohol er ein type kjemisk stoff kjenneteikna av ei hydroksylgruppe som funksjonell gruppe. I daglegtale vert ordet «alkohol» for det meste nytta om alkoholen etanol eller drikkar som innheld dette stoffet.

Alkohol i kjemien[endre | endre wikiteksten]

I kjemien er alkoholar ei gruppe organiske sambindingar som har det felles at dei inneheld den funksjonelle gruppa -OH – ei såkalla hydroksylgruppe – og i regelen ingen andre funksjonelle grupper. Slike sambindingar får namn med endinga -ol i høve til hydrokarbona dei byggjer på, noko ein ser i namn som metanol (CH3OH) frå metan (CH4) og etanol (CH3CH2OH) frå etan (CH3CH3).

Alkoholar som metanol og etanol inneheld berre ei hydroksylgruppe. Det finst òg alkoholar med to eller tre slike grupper. Glykol, som er brukt i frostvæske, har to hydroksylgrupper. Glyserol, som er brukt i hudkrem og matvarer, har tre hydroksylgrupper.

Ein skil òg mellom primære, sekundære og tertiære alkoholar avhengig av kor mange karbonatom som er bunde til det karbonatomet hydroksylgruppa er bunde til. Propan-2-ol, eller isopropanol (CH3CH(OH)CH3) er den enklaste sekundære alkoholen.

Alkoholproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Alkohol blir vanlegvis produsert ved gjæring av karbohydratar. Ofte brukar ein ulike variantar av vanleg gjærsopp, men spesialiserte gjærslag og til dels bakterier er òg i bruk avhengig av kva for alkohol som skal lagast og kva han skal nyttast til. Vanlege råstoff for alkohol er sukker frå sukkerroer, frukt og bær, stivelse frå poteter og korn (bygg, mais, ris), eller cellulose (tømmer, tremasse, papirmasse).

Ein kan òg framstilla alkohol ved delvis oksidasjon (forbrenning) av stivelse eller cellulose, slik ein til dømes lagar tresprit (metanol) ved svak oppvarming.

Etanol[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Etanol

Den vanlegaste alkoholen i kvardagen er etanol, som finst i øl laga av korn, vin laga av frukt eller bær (særleg druer), og brennevin laga av sukker, frukt, korn eller poteter. Slik alkohol blir brukt både som drikke og i matlaging.

Etanol (CH3CH2OH) er mykje brukt som reingjeringsmiddel og desinfeksjonsmiddel i matvareføretak, på sjukehus og i andre helseinstitusjonar av di han drep mikroorganismer, og i all slags industri av di han er billeg og gjer godt reint. I kjemisk industri og forsking vert etanol brukt som løysemiddel i kjemiske reaksjonar eller som råvare for produksjon av andre stoff.

Personbilar med alkoholmotor brukar etanol som drivstoff.

Propanol[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Propanol.

Propanol (CH3CH2CH2OH) og isopropanol (CH3CH(OH)CH3) er tyngre alkoholar enn etanol og eignar seg ikkje til drikke eller mat. Dei blir brukte til reingjering og som frostvæske i lukka røyrsystem som brukar vatn til kjøling eller oppvarming, til dømes motorar i bilar.

Metanol[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Metanol.

Metanol (tresprit) (CH3OH) er den lettaste alkoholen, som heller ikkje eignar seg for konsum. Viss ein drikk metanol vert han nedbroten til maursyre, som kroppen ikkje har noko system for å handtera, og ein kan bli blind eller døy.

Metanol er brukt som drivstoff i rakettar, gokart-bilar og modellbilar, og etter kvart i personbilar.

Fusel[endre | endre wikiteksten]

Alkoholar og eteriske oljer som er tyngre enn etanol (dvs. med større molekylvekt) og som kan bli danna i lag med etanol i somme gjærings- og forbrenningsprosessar, kallast samla for fusel. Det er helst i brennevin at det er merkbare mengder fusel. Mengda og typen av fusel er m.a. avhengig av kvalitet og mengd av råstoff, gjærsort og temperatur, og dessutan korleis destillasjonen av brennevinet føregår.

Stoffa i fusel er ofte giftige og såleis uønskte i alkoholhaldig drikk, men fleire slag brennevin har smaken og lukta si frå nettopp fusel i visse mengder. Det vert hevda at tendensen til bakrus som mange opplever sterkare av brunt brennevin (t.d. whisky, konjakk, armagnac, brun akevitt) enn av blankt, skuldast fusel.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.