Buddy Bolden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buddy Bolden

Statsborgarskap USA
Fødd 6. september 1877
New Orleans
Død

4. november 1931 (54 år)
Jackson

Yrke orkesterleiar, dirigent, jazzmusikar, trompetist, Frisør
Språk engelsk
Buddy Bolden på Commons
Buddy Boldens band (1905) frå New Orleans.

Charles «Buddy» Bolden (6. september 18774. november 1931) var ein kornettist og den første berømde jazzmusikaren frå New Orleans.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Han var kjend som King Bolden (sjå jazzmusikarar med kongelege tilnamn) og han leia eit av dei beste banda i New Orleans frå om lag 1895 til 1907, då han fekk schizofreni og vart innlagd. Han kom seg aldri frå sjukdommen, men for ettertida vart han kjend for ein open og kraftig tone. Joe «King» Oliver og Louis Armstrong var direkte påverka av spelinga til Bolden.

Sjølv om det er mange førstehandshistorier om Buddy Bolden, er det mange mytar kring livet hans. Historier om at han var frisør av yrke, eller at han hadde publisert eit blad kalla «Cricket» har vorte tekne opp att fleire gonger, trass i at dei har vorte tilbakevist fleire tiår tidlegare.

På grunn av alkoholmisbruk gjekk Bolden gjennom ein akutt psykose i 1907. Han vart diagnostisert schizofren og vart lagdk inn på ein psykiatrisk institusjon, der han blei verande til han døydde. Han vart gravlagd i ei umerka grav på Holt Cemetery, ein gravplass for fattige i New Orleans. I 1998 vart det reist eit monument for han her.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om uttrykket «jazz» ikkje var i bruk medan Bolden spelte, er det mange tidlege jazzmusikarar som meinte Bolden og bandmedlemmane i hans band var dei som fann opp stilen. Minst ein forfattar har kalla han «jazzens far».[1] Han laga ein ledigare, meir improvisert versjon av ragtime. I tillegg kom element frå bluesen; Bolden sitt band kan vere det første bandet der messinginstrument spelte blues. Det vert også sagt at han tok idear frå gospelmusikk, som han hadde høyrt i afroamerikanske baptistkyrkjer.

Sjølv om ein meiner Bolden hadde laga minst ein fonografsylinder, har ingen opptak overlevd.

Nokre av songane som først vart assosierte med bandet hans, som «Careless Love» og «My Bucket's Got a Hole in It» er framleis standardlåtar. Ein av Bolden sine temalåtar, då kjend som «Funky Butt» (ei omskriving av flatulens) og seinare som «Buddy Bolden’s Blues», varsla seinare stilartar som funk og rap:

I thought I heard Buddy Bolden say,
Funky-butt, funky-butt, take it away.

Kulturelle referansar til Bolden[endre | endre wikiteksten]

Bolden har gjeve inspirasjon til fleire litterære figurar med same namn. Mest berømt er den kanadiske forfattaren Michael Ondaatje sin roman Coming Through Slaughter, der figuren Buddy Bolden liknar den ekte Bolden på somme vis, men på andre vis medvite er gjort veldig ulik det ein veit om den originale Bolden.

Bolden vert også nemnt i August Wilson sitt stykke Seven Guitars. Faren til ein av figurane (King Hedley) har vorte oppkalla etter King Buddy Bolden. King Hedly syng støtt «I thought I heard Buddy Bolden say…» og han trur at Bolden vil komme ned frå himmelen og gi han pengar til å kjøpe ein plantasje. Bolden-tematikken vert ført vidare i oppfølgjarstykket King Hedley II.

Bolden er også ein prominent figur i David Fulmer sitt mordmysterium med tittelen Chasing the Devil’s Tail. Her er han både bandleiar og mistenkt for mord.

Bolden er også opphavet til Norsk jazzforum sin heiderspris Buddyprisen. Som ein del av prisen vert ein statue av kornettisten utdelt til vinnaren.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ted Gioia, The History of Jazz, Oxford/New York 1997, s. 34

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]