Bufjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°17′15.572″N 8°31′39.439″E

Bufjorden
Foto: Colliekar

Bufjorden er ein liten fjord i Grimstad kommune mellom byane Grimstad og Lillesand. Fjorden har innløp nord for Bjorøya og strekker seg sørvestover på nordsida av tettstaden Homborsund. Fjorden er om lag 5 km lang og har to små sidearmar som strekker seg nordover. Den første av desse er Strandfjorden som har ei lengd på 2,5 km. Inst i denne fjorden munnar Reddalskanalen ut. Den andre heiter Nørholmskilen og er om lag 1,5 km lang. Den inste dele av Bufjorden heiter Engekilen. Innløpet til Engekilen er særs smalt, berre om lag 5 meter og sundet vert kryssa av ei lita bru langs Fylkesveg 37.