Reddalskanalen

Koordinatar: 58°18′48.118″N 8°32′7.7136″E / 58.31336611°N 8.535476000°E / 58.31336611; 8.535476000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°18′48.118″N 8°32′7.7136″E / 58.31336611°N 8.535476000°E / 58.31336611; 8.535476000

Reddalskanalen
kanal
Land  Noreg
Kart
Reddalskanalen
58°18′48″N 8°32′08″E / 58.31336389°N 8.535475°E / 58.31336389; 8.535475
E18 og gamle Sørlandske hovedveg kryssar Reddalskanalen.
Foto: Colliekar

Reddalskanalen er ein kanal i Grimstad kommune knyter Landvikvannet og Reddalsvannet med havet. Kanalen er delt opp i to delar, den første mellom havet og Landvikvannet, og den andre mellom Landvikvannet og Reddalsvannet.

Kanalen vart bygd i 1877 for å gi meir dyrkingsjord ved at vasstanden i desse vatna vart senka. Kanalen er tre kilometer mellom sjøen og Landvikvannet, og 500 meter mellom Landvikvannet og Reddalsvannet. Bygginga av kanalen førte til at Reddalsvannet vart senka 2,5 meter, og Landviksvannet 2 meter. Dei nye areala kom dei 84 bøndene som hadde jord i området til gode, men dei måtte betale for dette. Kostnaden av kanalen var det staten og kommunane Grimstad og Landvik som stod for. Frå 1881 til 1885 køyrte dampbåten «Tryg» mellom Grimstad og Reddal via kanalen.

I dag er kanalen mykje nytta som utfartsstad for småbåtar, og dette førte etter kvart med seg ein merkbar slitasje, særleg ved forbygningane. Kanalen er derfor blitt bygd opp og tilbakeført til sin opphavlege tilstand. Gjenopninga foregikk i 2004.

I Kulturminneåret 1997 vart Reddalskanalen vald til Grimstad kommune sitt fremste kulturminne, og dette er markert med ei informasjonstavle ved innseglinga frå Strandfjorden. Her er det òg stilt opp møllesteinene etter den gamle mølla som ein gong stod ved fossen her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]