Hopp til innhald

Buj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buj
Буй
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Kostroma oblast
Areal 25 km²
Folketal 20 564 (2021)[1]
Grunnlagd 1536
   Bystatus 1778
Retningsnummer +7 49435
Kart
Buj
58°29′00″N 41°31′00″E / 58.483333333333°N 41.516666666667°E / 58.483333333333; 41.516666666667
Wikimedia Commons: Buy, Kostroma Oblast

Buj (russisk Буй) er ein by i Kostroma oblast i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Kostroma, rundt 90 km nord for Kostroma.

Buj vart grunnlagt i 1536 som ei festning der elvane Kostroma og Vjoksa renn saman. Festninga vart bygd etter ordre frå Jelena Glinskaja, regenten i Russland på den tida og mor til Ivan den grufulle.

Buj fekk byrettar i 1778, under Katarina den store.

Under bygginga av St. PetersburgVjatka-jernbanen (ferdig i 1908) voks folketalet frå rundt tusen til 3500 i 1913.

Økonomi og næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste næringane i Buj er kjemisk industri, treforedling, møbel- og næringsmiddelindustri.

  1. Den russiske folketellingen i 2020 (per 1. oktober 2021) (på russisk), Wikidata Q126684906, arkivert frå originalen 1 September 2022

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Buj