Hopp til innhald

Galitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den ukrainske byen med same namn på russisk, sjå Halytsj.
Galitsj
Галич
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Kostroma oblast
Areal 17 km²
Folketal 12 856 (2021)
Grunnlagd 1159
   Bystatus 1778
Retningsnummer +7 49437
Kart
Galitsj
58°23′00″N 42°21′00″E / 58.383333333333°N 42.35°E / 58.383333333333; 42.35
Wikimedia Commons: Galich

Galitsj (russisk Га́лич) er ein by i Kostroma oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Byen ligg på sørsida av Galitsjsjøen, rundt 110 km nordaust for Kostroma.

Byen vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1234, som Grad Merskij (dvs. byen til merjaane). Han utvikla seg gradvis til eit av dei største sentera for utvinning av salt i Aust-Europa og overskugga den sørlege byen Halytsj som han er kalla opp etter. På 1200-talet var byen styrt av ein yngre bror av Aleksander Nevskij og var hos etterkomarane hans til 1363, då moskovittane erobra byen og jaga den herskande familien til Novgorod.

1400- og 1500-talet vert kalla gullalderen til Galitsj. På den tida kontrollerte byen mesteparten av den russiske handelen i salt og pelsverk. Dmitrij Sjemjaka og andre lokale fyrstar hevda sin rett til trona til Moskva og tre av dei tok faktisk Kreml i Moskva under den store føydalkrigen.

Jordvollane frå mellomalderen vart ytterlegare forsterka på 1400- og 1500-talet og er seinare kjend som Sjemjakabakkane. Polakkane brende byen ned til grunnen i 1612. Peter den store reiv ned ein tre-kreml. Byen gjekk ytterlegare tilbake i og med overføringa av utanrikshandelen til Russland frå Arkhangelsk til St. Petersburg.

Økonomi og næringsliv

[endre | endre wikiteksten]
Ein Galitsjanin-kran, her i Medeo i Kasakhstan

Galitsj Mobilkranfabrikk (russisk: ОАО Галичский автокрановый завод) produserer rundt 20 % av samla produksjon av mobile kranar i Russland.

Industrien i byen produserer òg stålfat, sko og klær. Det er òg eit sagbruk i byen.

Byen er eit mindre knutepunkt på den transsibirske jernbanen.

Historiske monument i Galitsj omfattar forskjellige bygningar frå keiserdøme-perioden i russisk historie. Særskild verd å merke seg er Paisijevklosteret, grunnlagd tidleg på 1300-talet og med ein femkupla katedral frå 1500-talet og ei trekupla kyrkje frå 1642.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Galitsj