Kostroma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kostroma
Кострома
Brannvakttårn i Kostroma
Brannvakttårn i Kostroma
Brannvakttårn i Kostroma
Byåpenet til Kostroma
Byvåpenet til Kostroma


Plassering
Kostroma is located in Russland
Kostroma is located in Kostroma oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Kostroma oblast
Grunnlagd
Bystatus
1152
1719
Geografi
Flatevidd
 - By

144,5 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

273 400
  1 892 /km²
Koordinatar 57°46′0″N 40°56′0″EKoordinatar: 57°46′0″N 40°56′0″E
Høgd over havet 110 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 156000–156029
Retningsnummer (tlf) (+7)4942
Nettstad: www.kostroma.ru

Kostroma (russisk Кострома́) er ein historisk by sentralt i Russland og administrativt senter for Kostroma oblast. Han ligg ved samløpet av elvane Volga og Kostroma, 65 km aust for Jaroslavl. I 2007 hadde han om lag 270 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ipatievklosteret
Oppstandskyrkja (1652) er eit flott døme på russisk 1600-talskunst (Bilete frå 1910)
Openberringskatedralen i Ipatievklosteret

Under Rurikidane[endre | endre wikiteksten]

Byen vart første gong nemnd i krønikene for året 1213, men historikarar meiner han vart grunnlagd i 1152 av Jurij Dolgorukij. Som med andre byar i Vladimir-Suzdal vart Kostroma plyndra av mongolane i 1238. Han var då eit lite fyrstedømme under leiing av fyrst Vasilij av Kostroma, ein yngre bror av den kjende Aleksander Nevskij. Vasilij arva storhertugtittelen i 1271, men han forlet ikkje byen for Vladimir og hans etterkomarar styrte Kostroma i enno eit halvt hundreår, til byen vart kjøpt av Ivan I av Moskva.

Sidan Kostroma var ein av dei nordlegaste byene i Storfyrstedømet Moskva, fungerte han ofte som ein retrettstad for storhertugane når fiendar omleira Moskva, slik som i 1382, 1408 og 1433. I 1375 vart byen plyndra av piratar frå Novgorodusjkujniki»). Den raske veksten til byen på 1500-talet kom på grunn av nye handelssamband med engelske og nederlandske handelsmenn (Muscovy Company) gjennom hamnebyen Arkhangelsk ved Kvitsjøen.

Det var på denne tida at Boris Godunov gjenoppbygde Ipatiev- og Openberringsklostra i stein. Byggearbeida vart avslutta like før byen vart vitne til nokre av dei mest dramatiske hendingane under problemtida. Kostroma vart to gonger herja av polakkane og det måtte ein seks månader lang omleiring til for å få fjerna dei frå Ipatievklosteret. Den heltemodige bonden Ivan Susanin vart eit symbol på motstanden til byen mot framande inntrengarar og fleire monument over han finst i Kostroma i dag. Den framtidige tsaren Mikael Romanov budde òg i klosteret. Det var her at ei utsending frå Moskva tilbaud han krona av Russland i 1612.

Romanov-tida[endre | endre wikiteksten]

Det er forståeleg at Romanov-tsarane såg på Kostroma som sitt spesielle protektorat. Ipatievklosteret vart vitja av mange av dei, mellom anna Nikolaj II, den siste russiske tsaren. Klosteret vart grunnlagt tidleg på 1300-talet av ein tatarfyrste, ein av Godunov-familien sine anar. Romanov-tsarane bygde om den storslåtte Treeinigheitskatedralen i 1652 og freskene hans og ikonostasane er særs vakre. Eit trehus av Mikael Romanov er framleis bevart i klosteret. Fleire gamle trebygningar er òg vorte transportert til klosteret frå fjerne distrikt i Kostroma oblast.

I 1773 vart Kostroma øydelagd av ein storbrann. Etter brannen vart byen gjenoppbygd etter ein ny byplan, der gatene strålte ut frå ein sentral stad ved elva. Det vert sagt at byplanen vart til ved at tsarina Katarina slapp vifta si ned på bykartet og bad arkitektane følgje hennar design. Kostroma er eit av de best bevarte døma på 1700-tals byplanlegging og i byen finst framleis elegante bygningar i ein «provinsiell nyklassisistisk» stil. Av desse guvernørpalasset, eit brannvakttårn, ein rotunde ved Volga og ein sentral marknad overbygd med bogegongar, med ei kyrkje for handelsmenn i midten.

Attraksjonar og landemerke[endre | endre wikiteksten]

Den femkupla Openberringskatedralen, bygd i 1559-65, var den første steinbygningen i byen. Mellomalderfreskene i katedralen vart seinare øydelagde i ein brann. Katedralen huser den mest dyrebare relikvien i byen, eit bysantinsk ikon frå 900-talet kalla Vår Frue av St. Theodor (russisk Федоровская Богоматерь, Fedorovskaja Bogomater). Det var med dette ikonet at Mikael Romanov vart velsigna av mor si før han drog til Moskva for å krevje den russiske trona. Det vert sagt at like før oktoberrevolusjonen i 1917 vart ikonet så svart at biletet knapt var synleg. Dette vart tolka som eit dårleg teikn for Romanovdynastiet.

Ipatievklosteret har overlevd stort sett intakt til i dag, med sine murar og tårn frå 1500-talet, klokketårn og domkyrkje frå 1600-talet. Bortsett frå klostera vart dei fleste av kyrkjene i byen anten ombygde eller rivne under sovjettida.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringane i byen er tekstilindustri, lysindustri, bildelar, treforedling og jordbruksretta verksemd, som baserer seg på dei lite industrielt utvikla landdistrikta i oblasten. Ei av dei viktigaste mineralvasskjeldene i Russland ligg i Kostroma oblast. I Krasnoje-na-Volga, rundt 70 km unna, ligg eit juvelarkombinat.

I 1983 starta bygginga av eit kjernekraftverk av RBMK-typen. Etter Tsjernobyl-katastrofen vart byggearbeidet stansa.

Kostroma lufthamn ligg rundt 6 km nordaust for byen.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kostroma