Bukkeholstindan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bukkeholstindan
fjell
Bukkeholstind 2005.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Lom (Oppland)
Fjellområde Jotunheimen
Høgd 2 213 moh.
Primærfaktor 160 m
Førstestiging 4. august 1887 (Alexander Walnum, Lars Sulheim d.e.)
Koordinatar 61°35′26″N 8°17′09″EKoordinatar: 61°35′26″N 8°17′09″E
Wikimedia Commons: Store Bukkeholstinden

Bukkeholstindan er eit fjell i Lom kommune i Oppland. Fjellet består av ei rekkje tindar mellom Søre Illåbreen i vest og Bukkeholsbreen i aust. Den største toppen er Store Bukkeholstinden på 2213 meter over havet, noko som er det 47. høgaste fjellet i landet.

Andre toppar er Vestre Bukkeholstinden (2166 moh), Nørdre Bukkeholstinden (2149 moh), Midtre Bukkeholstinden (2154 moh) og Søre eller Søraustre Bukkeholstinden (2058 moh). Alle desse er av dei 150 høgaste toppane i Noreg med primærfaktor større enn 50 meter.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]