Lom kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lom kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Adm.senter Fossbergom
Areal 1 969 km²
 - land 1 900 km²
 - vatn 69 km²
Folketal 2 347 (1. januar 2016)
Folketettleik 1 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Bjarne Eiolf Holø (Sp)
Kommunenummer 0514
NO 0514 Lom.svg
Wikimedia Commons: Lom
Nettstad: www.lom.kommune.no

Lom kommune ligg i Ottadalen i Oppland fylke og grensar i nord til Skjåk og Lesja, i aust til Vågå, i sør til Vang, og i vest til Luster i Sogn og Fjordane. Kommunen har sine noverande grenser frå 1866, då Skjåk vart skilt ut som eigen kommune.

Administrerande senter i kommunen er Fossbergom, òg kalla fjellbygda Lom. Lokalavisa er Fjuken, som òg dekkjer dei to andre kommunane i Ottadalen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Galdhøpiggen
Glittertind

Mesteparten av arealet i Lom utgjer snaufjell og brear der over 90% av arealet ligg over 900 moh. Innan kommunen ligg meir enn halvparten av Jotunheimen nasjonalpark og begge dei to høgste fjelltoppane i Noreg, Galdhøpiggen på 2469 moh. og Glittertind, som er fast fjell på 2452 moh. med ein isbre på toppen. Gjennom fjellområda i kommunen får to dalføre, Ottadalen og Bøverdalen. Desse to dalane møtest ved tettstaden Fossbergom. Folkesetnaden bur for det meste langsmed sørsida av Ottadalen. Andre busette område i kommunen er Lia, Garmo og Bøverdalen.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste enkeltnæringa i Lom er jord- og skogbruk. Grunna det tørre klimaet må bøndene bruke vatningsanlegg. Lom har den norske rekorden for minst nedbør i laupet av eitt år, 130 mm i 1911. Turisme er ei viktig næring takka vere plasseringa mellom fjellområde, med ei rekkje hotell og turisthytter både i Fossbergom og oppover i Bøverdalen. Fleire naturområde i Lom er verna, mellom anna delane av kommunen som ligg innan nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen, i tillegg til tre mindre naturreservat.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste ferdselsårene gjennom Lom er Rv15 (heilårsvegen Otta-Måløy over Strynefjell) og Fv55 (Sognefjellsvegen) frå Fossbergom gjennom Bøverdalen og Leirdalen gjennom Leikanger til Vadheim i Høyanger. Det er òg samband med ekspressbuss til m.a. Bergen, Trondheim og Oslo.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Lom stavkyrkje med Skjåk i bakgrunnen

Lom har fleire minne frå eldre kultur, me.a. Lom stavkyrkje. Garmo kyrkje vart rivi 1880 og atterreist på Maihaugen på Lillehammer som del av De Sandvigske samlinger. På Fossbergom Steinsenterer det samlingar av stein frå heile verda, særleg mange mineral frå Jotunheimen. Norsk fjellmuseum opna i 1994. Lom bygdemuseum er ein del av det konsoliderte Museet i Nord-Gudbrandsdalen og har fleire bygningar, me.a. Tor-Jonsson stugu, der diktaren voks opp. Ein minnestein er reist ved Hamsunstugu på Garmo, som er fødestanden til Knut Hamsun. Annakvart år vert litteraturfestivalen Diktardagar arrangert.

Kjende personar frå Lom kommune[endre | endre wikiteksten]

Verdt å sjå i Lom kommune[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 61°50′11″N 8°34′5.2″E