Burmesisk skrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Burmesisk

TypeAbugida
Periode1100-talet
Språkburmesisk
Avstammingbrahmi
 monskrift
Unicode10A0 — 10FF
ISO 15924Mymr


Burmesisk skrift er eit skriftspråk som blir brukt til å skriva burmesisk, kayin og monspråk med. Skriftspråket er avleidd av monskrifta, som på si side byggjer på paliskrifta. Bokstavane er avrunda i forma fordi dei opphavleg blei skrivne på skjøre palmeblad.

Dei 33 konsonantane i burmesisk.

Skrifta høyrer til brahmifamilien og blei utvikla frå monskrift under kong Anawrahta, den første herskaren av eit samla burmesisk rike.

Den eldste burmesiske innskrifta finn ein på Myazedi-inskripsjonen frå 1113, som har tekstar på pyu, mon, pali og burmesisk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Burmesisk skrift
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.