Pali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pali
(पाऴि pāḷi )
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Indoiransk
  Indoarisk
   Pali
Bruk
Utdøydd: Under skiftet frå mellomindoariske til nyindoariske språk
Skriftsystem: Opphavleg brahmiskrift, seinare også fleire indiske skriftsystem
Språkkodar
ISO 639-1: pi
ISO 639-2: pli
ISO 639-3: pli
Wikipedia på pali

Pali er eit gammalt indoarisk språk som mellom anna er nytta i mange eldre buddhistiske tekstar. Det er ikkje eit levande språk i dag, men blir nytta religiøst innan theravada-buddhismen.

Den buddhistiske palilitteratur omfattar mellom anna den kanoniske skriftsamlinga Tipitaka, dei srilankiske krønikene Mahavamsa, Dipavamsa og Culavamsa, og ein stor kommentarlitteratur skriven av mellom anna Buddhadatta, Buddhaghosa og Dhammapala. Tradisjonen omfattar også eit stort omfang grammatisk litteratur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.