Hopp til innhald

Burnham-on-Sea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Burnham-on-Sea
by
Land  England
Region Somerset
Distrikt Sedgemoor
Folketal 19 576 (2011)
Postnummer TA8
Retningsnummer 0 1278
Kart
Burnham-on-Sea
51°14′16″N 2°59′56″W / 51.237777777778°N 2.9988888888889°W / 51.237777777778; -2.9988888888889
Wikimedia Commons: Burnham-on-Sea

Burnham-on-Sea er ein by i grevskapet Somerset i England. Han har kring 18 500 innbyggjarar og ligg ved munningen av Parrett ved Bridgwater Bay. Burnham var ein liten landsby fram til seint på 1700-talet, då han voks som feriestad.

Luftfoto av Burnham-on-Sea

Burnham-on-Sea er kjend for stranda og mudderflatene sine. Desse siste utgjer farer for enkeltpersonar og skip, og lokale folk har lagt ned innsats for å forsvara byen sin og førebygga tap av menneskeliv. Burnham ligg nær munningen av elva Parrett der ho renn ut i Bristolkanalen, som har den nest høgaste tidvassamplituden i verda. Skilnaden mellom lågvatn og høgvatn er 11 meter, og han er berre større i Bay of Fundy i austlege Canada.[1][2][3] Dei store mudderflatene i Burnham er karakteristiske for Bridgwater Bay og resten av Bristol-kanalen, der tidvatnet kan gå over 2,4 kilometer tilbake. Bridgwater Bay består av store område med mudderflater, saltsumpar, sandflater og rullesteinryggar, nokre av dei med vegetasjon. Området fekk status som område av særleg vitskapleg interesse (Site of Special Scientific Interest) i 1989, og er utnemnd til våtmark av internasjonal tyding under Ramsar-konvensjonen.[4][5]

Bed ved esplanaden i 2014.

Apex Leisure and Wildlife Park, i det sørvestlege hjørnet av Burnham-on-Sea, nord for elva Brue, dekkjer eit område på meir enn 17 hektar. Parken blei bygd frå tidlegare leireuttak som blei overfløymde, og i desse vatna finst no både mange typar vilt og fritidsaktivitetar.[6]

Hinkley Point er ei høgd som strekkjer seg inn i Bridgwater Bay 8 km vest for Burnham-on-Sea, på den andre sida av munningen til Parrett. Landskapet i Hinkley Point er dominert av to nedstengde atomkraftverk, Hinkley Point A og Hinkley Point B, og av Hinkley Point C, som er under utbygging.[7]

  1. Du Port, A.; Buttress, R. (2009). Reeds Nautical Almanac 2010. Thomas Reed. ISBN 9781408113400.
  2. Chan, Marjorie A.; Archer, Allen William (2003). Extreme Depositional Environments: Mega End Members in Geologic Time. Boulder, Colorado: Geological Society of America. s. 151. ISBN 0-8137-2370-1. Arkivert frå originalen 5. oktober 2024. Henta 13 April 2022.
  3. «Coast: Bristol Channel». BBC. Arkivert frå originalen 7 March 2013. Henta 27 August 2007.
  4. «SSSI citation sheet» (PDF). Sites of Special Scientific Interest. English Nature. Arkivert frå originalen (PDF) 10 September 2008. Henta 12 November 2008.
  5. «Bridgwater Bay NNR». National Nature Reserves. Natural England. Arkivert frå originalen 11 September 2009. Henta 13 November 2008.
  6. «Apex Leisure and Wildlife». Day out with the kids. Arkivert frå originalen 5 October 2024. Henta 10 May 2010.
  7. «New dawn for UK nuclear power». WNN. Arkivert frå originalen 25 September 2008. Henta 25 September 2008.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Burnham-on-Sea