Burton upon Trent
| Burton upon Trent | |||
| by | |||
Rådhuset. Foto: Stanley Walker | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Staffordshire | ||
| Distrikt | East Staffordshire | ||
| Areal | 20,5 km² | ||
| Folketal | 75 074 (2016)[1] | ||
| Postnummer | DE13-DE15 | ||
| Retningsnummer | 0 1283 | ||
![]() Burton upon Trent 52°48′07″N 1°38′12″W / 52.801944444444°N 1.6366666666667°W | |||
| Wikimedia Commons: Burton upon Trent | |||
Burton upon Trent er ein by i grevskapet Staffordshire i England. Han har kring 75 000 innbyggjarar og ligg ved elva Trent.
Burton er mest kjend for bryggeriverksemda si, og hadde over eit dusin bryggeri på det meste.[2] Han voks opphavleg opp kring Burton Abbey, eit kloster vigd heilage Modwen, og voks til ein travel kjøpstad etter mellomalderen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Burton Abbey er nemnt i Domesday Book frå 1086, der det blei sagt å kontrollera eigedommar i Appleby Magna i Leicestershireog Mickleover, Winshill, Stapenhill, Coton in the Elms, Ca(u)ldwell og Ticknall i Derbyshire. Klosteret var det viktigaste i Staffordshire. Ein kjenner til fleire kongelege vitjingar til klosteret, mellom anna av Vilhelm erobraren, Henrik II og Edvard I. På 1100- og 1200-talet blei det anlagt gater på vestsida av High Street. den fyrste var New Street, som gjekk frå klosterporten til Ryknild Street si linje. Horninglow Street i nordenden av High Street var del av ein viktig veg mellom aust og vest som nytta brua over elva.[3]
12. april 1200 blei abbeden gjeven eit kongeleg charter av kong John som gav han løyve til å halda ein marknad i Burton kvar torsdag.[4] Dette blei seinare fornya av Henrik III og Edvard IV.[5] Det blei halde fire årlege marknader for handel med hestar, storfe og alingar: på kyndelsmesse, 5. april, skjærtorsdag og 29. oktober (festdagen for heilage Modwen), men som i andre britiske byar har marknadsskikken døydd ut.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Burton upon Trent» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juli 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.citypopulation.de/UK-Cities.html.
- ↑ Things to do in Burton upon Trent, Staffordshire
- ↑ Tringham, Nigel J. «Burton-upon-Trent Growth of settlement». British History Online. University of London & History of Parliament Trust. Henta 31. mars 2012.
- ↑ White, William. «From History, Gazetteer and Directory of Staffordshire, William White, Sheffield, 1851». GENUKI:Burton Upon Trent. GENUKI. Henta 17. april 2012.
- ↑ «Gazetteer of Markets and Fairs to 1516; Staffordshire». The Institute of Historical Research. Centre for Metropolitan History. 18. juni 2003. Henta 17. april 2012.
