Trent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trent
elv
none  Trent Bridge med Nottingham i bakgrunnen
Trent Bridge med Nottingham i bakgrunnen
Land Flag of England.svg England
Grevskap Staffordshire, Derbyshire, Leicestershire, Nottinghamshire, Lincolnshire, Yorkshire
Tilløp
 - venstre Dove, Derwent, Erewash
 - høgre Mease, Tame, Soar, Devon
Byar Stoke-on-Trent, Burton upon Trent, Derby, Nottingham, Newark-on-Trent
Kjelde
 - stad Biddulph Moor i Staffordshire, England
 - høgd 275 moh
 - koordinatar 53°7′4.840″N 2°8′35.952″W
Lengd 298 km
Vassføring for Colwick i Nottingham
 - middel 85 /s
Nedslagsfeltet til Trent
Nedslagsfeltet til Trent

Trent er ei av dei største elvane i England. Ho spring ut i Staffordshire, mellom Biddulph og Biddulph Moor, og renn gjennom Midlands inntil ho ved Trent Falls renn saman med Ouse og dannar Humber, som renn derfrå austover til Nordsjøen. Elva er 298 kilometer lang. Ho renn nordover, noko som er uvanleg for engelske elver.

Trent renn forbi fleire byar, blant anna Stoke-on-Trent, Burton-upon-Trent, Derby, Nottingham, Newark og Scunthorpe.

Dei største sideelvane er Idle, Devon, Erewash, Soar, Derwent, Dove, Mease og Tame.

Trent markerer grensa mellom dei to engelske herolda Norroy og Clarenceaux. «Nord for Trent» er difor ein av fleire definisjonar på avgrensningen mellom Nord- og Sør-England.

Trent Aegir[endre | endre wikiteksten]

Tidvassbølgja Trena Aegir sett frå West Stockwith, Nottinghamshire 20. september 2005

På visse tider på året kan det på dei nedre, tidvasspåverka delane av Trent finnast ei middels stor tidvassbølgje (opp til 1,5 meter høg), som er kjent som «Trent Aegir». Aegir finst når ein høg springflo møter vasstraumen frå elva, som går i motsett retning.[1] Traktforma på elvemunningen forsterkar denne effekten, og skapar ei stor bølgje som kan merkast så langt oppstraums som til Gainsborough, og nokre gonger endå lengre. Men bølgja kan ikkje gå særleg langt forbi Gainsborough sidan forma på elva reduserer han til ikkje stort meir enn ei krusing. Nord for Newark-on-Trent i Nottinghamshire ligg tersklar i elva som stoppar bølgja fullt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Richard Stone, The Riv Trena, (2005), s.9, s.124, Phillimore & Co Ltd, ISBN 1-86077-356-7

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trent