Hopp til innhald

Bury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bury
by
Land  England
Region Stor-Manchester
Distrikt Bury
Areal 30,1 km²
Folketal 78 729 (2016)[1]
Postnummer BL9 & BL8 & BL0
Retningsnummer 0161/01706/01204
Kart
Bury
53°35′35″N 2°17′55″W / 53.59315°N 2.2985527777778°W / 53.59315; -2.2985527777778
Wikimedia Commons: Bury, Greater Manchester

Bury er ein by i den nordlege delen av Stor-Manchester i England, mellom Rochdale og Bolton. Han ligg rett vest for motorvegen M66, og er administrasjonssenter og største byen i distriktet Bury.

Byen blir nemnt første gongen som eit sokn i 962. Det ligg fleire romerske ruinar der, så busetjinga går mykje lenger tilbake. Fram til den industrielle revolusjonen vart han verande ein liten by, men så gjorde nærleiken til Manchester og det gode tilgjenget på hurtig rennande vatn at ein kunne byggje fabrikkar drivne med vasskraft i området. Hovedproduktet var bomullsstoff, som vart skipa ut gjennom Manchester.

Fotballklubben Bury FC held til i byen, og spelar sine heimekampar på Gigg Lane.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bury