Hopp til innhald

Byen Windermere

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om byen. For innsjøen, sjå Windermere.
Windermere
by
Main Road.
Foto: Peter Trimming (2009)
Land  England
Region Cumbria
Distrikt South Lakeland
Folketal 8 359 (2011)
Postnummer LA23
Retningsnummer 0 15394
Kart
Byen Windermere
54°22′46″N 2°54′22″W / 54.379444444444°N 2.9061111111111°W / 54.379444444444; -2.9061111111111
Wikimedia Commons: Windermere, Cumbria (town)

Windermere er ein by i Lake District i grevskapet Cumbria i England. Han har kring 8 500 innbyggjarar. Han ligg om lag 1 km frå innsjøen Windermere,[1][2] den største naturlege innsjøen i England. Han har no vokse saman med den eldre byen Bowness-on-Windermere, som ligg like ved innsjøen, sjølv om kvar by framleis har klare sentrum.

Historisk høyrte byen til Westmorland. Byen blei skipa rundt Windermere jernbanestasjon, som blei opna i 1847.[3] Stasjonen ligg på West Coast Main Line, og har avgangar til Oxenholme og til Manchester lufthamn.[4] Windermere Hotel blei bygd i 1849.

Byen ligg nær hovudvegen A591, som går gjennom Lake District frå Kendal til Keswick.

  1. http://www.britinfo.net/index_Windermere.htm
  2. http://www.picturesofengland.com/windermere/
  3. Reid, Jim (2011). Tour of the Lake District. Cicerone Press Limited. s. 66. ISBN 978-1-849-65465-4.
  4. «Train Timetables». Transpennine Express. Arkivert frå originalen 2016-03-26. Henta 22 January 2016. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Byen Windermere