Bygdedans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon av pols[k] og halling i ei reiseskildringbook frå 1824.

Bygdedans er den eldste og mest særmerkte gruppa av norske folkedansar. Bygdedansane var dei mest vanlege dansane i Noreg før runddansen vart populær. Dei eldste bygdedansformene kom til landet kanskje allereie på 1500-talet, og har gjennom tida teke farge av stilideal i ulike tidsepokar og dei ulike lokalmiljøa dei var i, noko som har ført til at det oppstod eit mangfald av danseformer. Dei eldste formene har enkle steg og bygdedanssnu, medan dei nyare er påverka av runddansen og har hurtig eintaktsnu (runddanssnu). Mange bygder har fått si eiga runddansform.

Til bygdedans reknar ein springar, gangar, pols, rull og halling, med ulike lokale namn. Då finst til dømes vestlandsspringar, telespringar, numedalsspringar, hallingspringar, numedalsgangar, telegangar, nordlandspols, drevjepols, rørospols, springleik og finnskogpols.

Bygdedansane er hovudsakleg pardansar. Dei er ulike frå stad til stad og har også litt ulike namn. Springar er eit vanleg namn på ein dans i 3/4 eller udelt takt som finst sør og vest i Noreg, pols viser til ein liknande dans som også føregår i 3/4 takt og finst i nord og aust. Gangar og halling er namn på pardansar, liknande springaren, men med musikk vanlegvis skriven i 2/4, 6/8 eller 3/8 takt. Hallingen blir også ofte dansa som solodans. Rull er ei enkel, yngre form som var mest brukt på Voss og i Hardanger. Bygdedansane har likskap og samanheng med danseformer i Europa, og tydelegast er nok likskapen mellom springaren og den tysk-austerikske ländleren. Sjølv om pols-namnet peikar på Polen, er samanhengen mellom polske og nordiske dansar meir komplisert.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bakka, Egil (22. september 2020). «folkedans». Store norske leksikon.  Fri ombruk.