Pols

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Pols er ein gammal norsk bygdedans i slekt med polsk masurka og svensk polska. Han er ein 4-delt pardans (2+2) i ujamn 3-takt og moderat tempo. Dansen består av ei veksling mellom opne tak med halte-steg framover i ringen og runddansing med tette tak.

Pols er særlig kjend frå rørostraktene, men er i slekt med dansar som rundom i Østerdalen og springleik i Gudbrandsdalen. Ein går ut frå at pols stammar frå svensk og/eller tysk innvandring på 1600-talet i samband med gruvedrifta ved Røros[1].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tørset, E., Polsen har kondisjonerte røter, Folkemuskk.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]