Cæcilie Lassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cæcilie Lassen
Fødd 19. april 1971 (50 år)
København
Yrke romanforfattar

Cæcilie Lassen (fødd 19. april 1971) er ein dansk forfattar frå København.[1] Ho blei landskjend då ho debuterte i 1987, berre 16 år gammal, med romanen Simone om opplevingane til ei lita jente under den franske revolusjonen.[2]

Sidan har Lassen skrive fleire historiske romanar som spenner vidt i tid og rom, frå Spania under Franco over Karibia i 1720-åra til København i notida. Ho har føreteke fleire studiereiser til område ho har skrive om, som Spania, Nicaragua, El Salvador, Russland, Irland og Nord-Irland.[1] Ho har cand.mag. i spansk.[3]

Cæcilie Lassen sin roman En god dag at flyve er ein psykologisk thriller med bakgrunn i terroråtaka 11. september 2001 og den påfølgjande krigen mot terror.

Lassen var med i styret for Dansk PEN frå 2000.[1] Ho var leiar frå 2003 til 2004,[2] den første kvinna i stillinga.[3]

Ho er gift med organisten Helgi Breiner Petersen, og har to barn.[2]

Romaner[endre | endre wikiteksten]

  • Simone (Borgen, 1987)
  • Lulu (Borgen, 1988)
  • Duen (Borgen, 1988)
  • Chikaderne (Borgen, 1990)
  • Avocadotræet (Borgen, 1991)
  • Kvinderne fra Santa Clara (Borgen, 1992)
  • Jacks sidste rejse (Borgen, 1994)
  • Væk er ingen steder (Borgen, 1996)
  • Trio (Borgen, 1999)
  • Dybhavsfisken (Borgen, 2003)
  • En god dag at flyve (Borgen, 2006)
  • Piratpigen Mary Read (Borgen, 2010)
  • Sol Stjerne Ulykke (Rosinante, 2018)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Cæcilie Lassen | Litteratursiden», Drupal (på dansk), henta 9. desember 2019 
  2. 2,0 2,1 2,2 l (16. april 2011), «Fra barnestjerne til succesrig forfatter», Kristeligt Dagblad (på dansk), henta 9. desember 2019 
  3. 3,0 3,1 Sørensen, Dorte Hygum (16. november 2003), «Det er en leg at skrive», Politiken (på dansk), henta 9. desember 2019