Côte-Nord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Kart over Côte-Nord (mørkeblått)

Côte-Nord (fransk: nordkysten) er ein 247 634 km² stor region i provinsen Québec i Canada. Regionen, som ligg på søraustdelen av Labrador-halvøya ved St. Lawrence-bukta, har i kring 95 000 ibuarar (2011).

Gruvedrift, skogbruk, aluminiumsproduksjon og turisme er hovudnæringar.

Anticostiøya, Archipel-de-Mingans nasjonalpark, Manicouagan-reservoaret og Daniel Johnson-dammen ligg alle i Côte-Nord.

Côte-Nord består av 25 primærkommunar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]