Calvin Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Calvin Smith
Fødd 8. januar 1961
Bolton
Yrke friidrettsutøvar, sprinter

Calvin Smith (fødd 8. januar 1961) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Bolton i delstaten Mississippi i USA. Han var to gongar verdsmeister på 200 meter og ei tid verdsrekordhaldar på 100 meter, og gullmedaljør i 4 x 100 m stafett både ved VM 1983 og OL 1984.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Den 3. juli 1983 forbetra Smith den 15 år gamle verdsrekorden til Jim Hines på 100 meter med to hundredels sekund til 9,93 sekundar i Colorado Springs. Fem veker seinare, under den aller fyrste verdsmeisterskapen i friidrett vann Smith i Helsinki gullmedaljen på 200 meter og tok sølvmedaljen bak landsmannen Carl Lewis på 100 meter. Smith fekk VM-gull nummer to då han saman Emmit King, Willie Gault og nettopp Lewis sprang USA inn til verdsrekord på tida 37,86 sekundar i finalen på 4 x 100 meter stafett. Eit par veker seinare vart Smith i Zürich den fyrste sprintaren som ein og same kvelden sprang under 10 sekunder på 100 meter og under 20 sekunder på 200 meter; høvesvis 9,97 og 19,99 sekundar.

Ved Sommar-OL 1984 i Los Angeles forbetra USA verdsrekorden i 4 x 100 meter stafett til 37,83 sekundar. Vinnarlaget bestod av Sam Graddy, Ron Brown, Calvin Smith og Carl Lewis. I VM 1987 i Roma forsvarte Smith VM-tittelen på 200 meter med minst mogleg margin. Han fekk same tid, 20,16 sekundar, som franske Gilles Quénéhervé, men vart dømd framom franskmannen.

Under sommarleikane 1988 i Seoul tok Smith seg til finalen på den i ettertid berykta 100-meteren. Ben Johnson frå Canada braut målsnøret framom Carl Lewis. Linford Christie frå Storbritannia vart nummer tre og Smith nummer fire. Etter Johnson testa positivt på det forbodne stoffet stanozolol vart han diskvalifisert og Smith rykte samstundes opp på tredjeplassen. Smith var elles med på det USA-amerikanske stafettlaget som vart diskvalifisert.

Smith var aktiv til 1992.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1983 i Helsinki: Gull på 200 m – 20,14, sølv på 100 m – 10,21 – gull og verdsrekord i 4 x 100 m stafett – 37,86
  • OL 1984 i Los Angeles: Gull og verdsrekord i 4 x 100 m stafett – 37,83
  • VM 1987 i Roma: Gull på 200 m – 20,16, framom Gilles Quénéhervé (20,16)
  • OL 1988 i Seoul: Bronse på 100 m – 9,99

Kjelder[endre | endre wikiteksten]