Calzone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tradisjonell calzone

Calzone (italiensk for 'strømpe' eller 'bukse')[1] er ein innbakt pizza.[2] Retten kjem opphavleg frå Napoli[3] i Italia, der han oppstod på 1700-talet.[4]

Ein typisk calzone er laga av salta brøddeig og er oftast fylt med ost, kjøt, grønsaker eller eit egg. Ein kan til dømes bruka salami eller skinke som kjøt og mozzarella, ricotta og parmesan eller pecorino som ost.[3] Pizzaen inneheld gjerne ein tomat- og basilikumssaus eller ein kjøtsaus. Det finst mange ulike variantar av calzone som kan ha innehalda fyll knytt til andre pizzatypar.

I Italia sel ein ofte calzone på storleik med smørbrød i kaféar eller buer. Desse kan ein halda i handa og eta medan ein står eller går.[5] I Puglia blir det laga pannesteikte variantar med tomat og mozzarella kjend som panzerotti.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «dictionary.com». Dictionary.reference.com. Henta 7. november 2012. 
  2. «calzone | Jamie Oliver | Food | Recipes (UK)». Jamie Oliver. Henta 7. november 2012. 
  3. 3,0 3,1 Gosetti (1967), s.785
  4. «History». The CalZone Zone. 
  5. MacKenzie, Shea (1995). The Pizza Gourmet. Garden City Park, N.Y.: Avery Pub. Group. s. Preface iv. ISBN 089529656X. 
  6. Annamaria Settanni McDonald. «Puglia panzarotti». Justapinch.com. Henta 7. november 2012. 

  • Gosetti Della Salda, Anna (1967). Le ricette regionali italiane (på italiensk). Milano: Solares. 
Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.