Hopp til innhald

Camilla Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Camilla Andersen
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 5. juli 1973 (51 år)
Gentofte
Idrett handball
Tok del i Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Camilla Andersen (fødd 5. juli 1973) er ein dansk tidlegare handballspelar frå Gentofte. Ho var ein sentral spelar på Danmarks landslag i åra frå ho debuterte i 1992 til Sommar-OL 2000. Som midtre rykkromspelar og playmaker var ho med å vinne to OL-gull, 1996 og 2000, eitt VM-gull, 1997, og to EM-gull, 1994 og 1996. Andersen deltok i 194 landskampar og skåra 846 mål, og er med det den kvinnelege danske spelaren med flest landskampmål.

Sesongen 1992/93 spelte Andersen på Nordstrand IF og sesongen 1996/97 var ho ein av fleire danske spelarar som vart norsk seriemeister med Bækkelaget SK.