Nordstrand Idrettsforening
Utsjånad
(Omdirigert frå Nordstrand IF)
Nordstrand Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Nordstrand i Oslo. Foreininga vart skipa 23. mars 1891 som Skiklubben Freidig. Nordstrand IF er særleg kjend for sine handballag, der både kvinner og menn har vunne den norske meisterskapen. Elles er Nordstrand IF aktiv i fotball, orientering, alpin skiidrett og triatlon. Tidlegare hadde laget også aktive skeiseløparar.
Klubbfargane i lagidrettar er kvite skjorter og elles blått.
Kjetil Andre Aamodt er Nordstrand IF sin mest kjende idrettsutøvar, fylgt av handballspelarane Heidi Sundal, Susann Goksør og Else Marthe Sørlie.
Fotball
[endre | endre wikiteksten]Herrelaget spelar i 3. divisjon avdeling 6 (2020).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nordstrand IF» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2018.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |